Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 17.10.2019 11:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Freddy André Øvstegård er den yngste representanten på Stortinget etter at han i 2017 vart valt inn for Østfold SV.

Øvstegård har vore engasjert i politikk sidan han som 14-åring vart medlem av ungdomspartiet Sosialistisk Ungdom, og dei siste to åra har arbeidskvardagen hans utfalda seg i Stortingssalen og på debattgolv landet over.

Les også intervju med fire av dei yngste representantane som møter fast på Løvebakken.

– Kvifor valde du denne yrkesvegen?

Først og fremst må eg seie at det å vere folkevald eller stortingsrepresentant ikkje skal vere eller bør vere eit yrke. Det er tidsavgrensa tillitsverv som folk har gjeve oss. Eg meiner det er dårleg at politikarar nesten har vorte ein eigen klasse.

Eg bestemte meg ikkje for at eg ville verte stortingsrepresentant nokon gong, men målet mitt har vore å kunne drive med engasjementet mitt for å forandre verda på fulltid. Det at nokon kan vere avsindig rike, samstundes som at andre ikkje har nok til å betale for å vere med i fotballaget, er grunnleggjande urettferdig. Det at store selskap forureinar naturen og øydelegg klimaet for oss som kjem etter er grunnleggjande urettferdig. Det motiverte meg til å kjempe for eit rettferdig samfunn. Så enda eg opp her på huset.

– Svarte det til forventningane?

Det var umogeleg å sjå for seg korleis livet som stortingsrepresentant kunne verte. Men eg synest vervet er kjempespennande, og eg er veldig heldig som får lov til å bruke all mi tid på å kjempe for det eg trur på.

Eg er veldig heldig som får lov til å bruke all mi tid på å kjempe for deg eg trur på.

 

– Kort oppsummert: Korleis ser ein vanleg arbeidsdag ut?

Dei fleste arbeidsdagar her byr på noko nytt. Så først og fremst er ein vanleg arbeidsdag lærerik og variert. Eg startar kanskje dagen på kontoret i Oslo saman med dei andre for å gå gjennom kva som skjer i media, så går vi i Stortingssalen og har debatt der, så snakkar eg med media, og så reiser eg kanskje til ein annan stad i landet for å sitte i ein debatt.

Også som statsmeteorolog lyt ein svare halde seg til media: Kanskje meteorologi er noko for deg?

– Førebudde utdanninga deg på yrket? 

Gjennom studiane lærte eg meg å tenkje, skrive og argumentere politisk på ein djupare måte enn før. I tillegg lærte eg masse om politiske system, politisk kommunikasjon og andre ting som har vore nyttige. Men det finst ingen utdanning til å verte politikar, vi skal representere alle slags folk med ulike utdanningar og jobbar.

– Kva er det beste med jobben?

Det beste med å vere på Stortinget er at eg får slåst for å forandre samfunnet kvar dag. I tillegg er det beste at eg lærer mykje nytt heile tida.

– Kva er det mest utfordrande?

Det mest utfordrande er å levere til folk sine forventningar. Eg veit at folk følgjer med på meg med høge forventningar. Det er bra, men også stressande.

– Kven passar yrket for?

Det å vere folkevald skal vere for alle!

Er du ein nysgjerrig type? Då kan journalist-yrket vere noko for deg, ifølgje Dagbladet-journalist Ane Muladal (28). 

– Har du tips til ungdom som siktar mot denne jobben?

Organiser deg. Bli med i eit ungdomsparti, i fagrørsla, i Natur og Ungdom, eller noko liknande. Så lærer du mykje og ser at når folk går saman så kan ein få gjennomslag for alt.

– Kva er det mest utrulege som har hendt deg på jobb?

Sånn bortsett frå at eg enda opp her i det heile teke, så vil eg kanskje trekke fram det at eg fekk gjennomslag for at all reklame der modellane er photoshoppa skal vere merka. Det er eit viktig ungdomskrav eg er veldig stolt over å ha vore med å få igjennom.

Les også saka om gjennomslaget: Ungdomspartia og Press jublar for vedtak mot retusjert reklame

Ungdom mot retusjert reklame og Freddy Øvstegård samla utanfor Stortinget etter at dei fekk vite resultatet av forslaget. Foto: Beate Haugtrø

Fakta

  • Namn: Freddy André Øvstegård
  • Alder: 24
  • Frå: Sarpsborg
  • Yrke: Stortingsrepresentant
  • Utdanning: Bachelor i statsvitenskap