Sara (26) vert truleg tidenes yngste kvinnelege ordførar i Noreg

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Når ein ser at det er ordførarar som er både 21 og 22 år gamle, så overraskar det meg litt at eg er yngste kvinne, seier Sara Sekkingstad på telefon til Framtida.no.

– Men eg må seie det er litt tøft.

Ho stod på fjerdeplass på Senterpartiet si liste til den nye storkommunen Alver, men var andrevalet på ordførarplassen. Når førstekandidaten til Senterpartiet i Alver, Jon Askeland, fekk vervet som fylkesordførar i nye Vestland rykka Sekkingstad opp i rekkjene.

Slått av bompengepartiet

Etter valet 9. september har Senterpartiet fått rundt hundre ordførarar landet over.

Ei stund såg det ut til at Tingvoll sin nye ordførar, Ingrid Waagen (27), skulle bli både tidenes yngste Senterpartiordførar og tidenes yngste kvinnelege ordførar, men så vart det klart at Sara Sekkingstad (26) får ordførarvervet i Alver.

Senterpartiet vart nest størst i Alver med 18,5 prosent oppslutnad, men vart slått av Folkeaksjonen nei til meir bompenger (FNB).

Valresultata tek den påtroppande ordføraren som eit tydeleg signal på at bompengetrykket har vorte for høgt.

– Samstundes har majoriteten av veljarane stemt på dei etablerte partia. Men det vert utruleg spennande å sitja i eit kommunestyre der dei er det største partiet, seier 26-åringen, som trur dei kan få til gode løysingar saman med FNB.

Sjølv deltok ho ikkje på forhandlingane mellom Senterpartiet, Arbeidarpartiet, KrF og Høgre og vart overraska då lokalavisa ringte og fortalde at ho fekk ordførarvervet.

No har ho søkt om utsetjing av sivilingeniørstudiane i havbruk og sjømat ved Universitetet i Bergen og ser etter bustad i Radøy.

– Det vert kjekt å kunne vere endå tettare på den daglege politikken og vere med å utforma og utvikla ein heilt ny kommune, seier Sekkingstad.

Kvelden torsdag 12. september fekk Sara Sekkingstad telefonen om at ho vart ordførar. Foto: Privat

26 år gamal jente

26-åringen har registrert at det har kome nokre Facebook-kommentarar på at ho, som 26 år gamal «jente», er for ung.

– Det seier kanskje litt om at me har ein litt lenger veg å gå i samfunnet når det kjem til likestilling. Kanskje får også han som er 21 år gamal høyra at han er for ung, men eg er usikker på kor mange 26 år gamle menn som får høyra det, seier Senterpartipolitikaren.

26-åringen meiner likevel me er på rett veg når éin av tre listetoppar og fire av ti kandidatar på årets lister er kvinner.

– Eg tenkjer det er positivt. Listene skal sjølvsagt innehalde både menn og kvinner. Me må ikkje gå så langt at alle er kvinner, seier Sekkingstad.

Ho meiner likevel det er viktig med kampanjar som oppmodar til å krysse inn kvinner og unge, slik at det speglar alle innbyggjarane i kommunen.

Sara Sekkingstad har etterkvart lang fartstid i Senterpartiet og Senterungdommen, der ho har vore generalsekretær. Her er ho fotografert med dåverande leiar Erling Lausand og noverande leiar Ada Arnstad. Foto: Senterpartiet

Headhunta som 17-åring

Sekkingstad har alltid vore engasjert og vart headhunta til partiet allereie som 17-åring. I 2011 ringte dåverande Radøy-ordførar Jon Askeland for å høyra om ho ville stå på lista til lokalvalet.

– Eg syns var stort at ordføraren ringte, så eg las partiprogrammet og sa ja. Så fekk eg ein del personstemmer og kom inn, seier 26-åringen.

Som 18-åring vart ho valt inn i kommunestyret i Radøy, der ho har sete to periodar. I tillegg har ho hatt ein periode på fylkestinget i Hordaland.

Sjølv om ho vart folkevalt allereie som 18-åring har ho ikkje tidlegare opplevd at alderen hennar har vore eit tema. Det har først kome opp etter at det vart kjent at ho vart ordførar.

– Eg har forståing for at folk tenkjer det, samstundes meiner eg at alder ikkje skal spele ei rolle. Eg tenkjer at folk vert valt på bakgrunn av den kompetansen dei har og at dei kan gje noko tilbake til lokalsamfunnet, seier Sekkingstad.

Still spørsmålet!

Sara Sekkingstad gler seg til å ta fatt på ordførarjobben i Alver. Foto: Senterpartiet

– Eg trur faktisk det viktigaste er å stille spørsmålet: «Ønskjer du å vere med?» Hadde eg ikkje fått den telefonen, hadde eg heller ikkje takka ja, seier Sekkingstad.

26-åringen er oppteken av at fleire unge – både kvinner og menn – vågar å takkar ja og engasjera seg.

Ho har likevel forståing for at mange kan kvi seg og tenka at det kan verke overveldande og vanskeleg å kombinere med familieliv.

Her meiner Sekkingstad at det er viktig å kommunisere kor stor arbeidsmengda faktisk er.

– For min del verka det veldig overveldande i starten. Sjølv om det har vore mykje i periodar, så har det vore overkommeleg. Det er klart det er mykje sakspapir som skal lesast, men du er ikkje åleine om det – oftast har du ei gruppe med deg eller partiet, avsluttar Sekkingstad.