Sjå korleis «Africa Corp» vil redde Noreg i ny kampanje

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sunniva Folgen Høiskar tok over leiarvervet i Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond (SAIH) 1. juli. Foto: SAIH

– Det er i utgangspunktet veldig positivt at næringslivet tek sosialt ansvar, men det vi ynskjer å legge fokus på er at dei også bør kommunisere dette på ein måte som ikkje forsterkar stereotypiar, seier Sunniva Folgen Høiskar på telefon til Framtida.no.

Ho er leiar av Studentene og akademikernes internasjonale hjelpefond (SAIH), organisasjonen som står bak den årlege kampanjen Radi Aid.

Kampanjen vil setje kritisk søkelys på korleis organisasjonar omtalar folka dei freistar å hjelpe.

I år flyttar Radi Aid skråblikket sitt mot næringslivet og kommunikasjonsfellene dei snublar i, når dei fortel om det internasjonale samfunnsansvaret og bistandsarbeidet sitt.

Solcellekraft til forfrosne nordmenn

Årets kampanjevideo er i same stil som suksessen «Africa for Norway» frå 2012, som vart sett over 3,4 millionar gongar på YouTube og førte til merksemd verda over.

Radi Aid snur på det gjengse bilete nok ein gong: Kva om det er nordmenn som treng hjelp?

I videoen møter vi administrerande direktør i selskapet «Africa Corp». Han har sett den sju år gamle Radi Aid-videoen, og vil også hjelpe dei stakkars innbyggjarane i Noreg som frys i kulda. Han har difor tenkt å starte eit prosjekt som skal lage solcelleradiatorar som ein kan dele ut til forfrosne nordmenn.

– Videoen er veldig sett på spissen, og spelar på mange næringslivsstereotypiar. Den syner idéen om at ein berre kan gå inn og fikse ting enkelt og greitt, fortel Høiskar.

Sjå heile videoen her: 

 «White saviour»

Sunniva Folgen Høiskar understrekar at ikkje alle bedrifter og prosjekt har ein like lang veg å gå i kommunikasjonsarbeidet, men at mange gjer same tabben:

– Det som er mest tydeleg er at dei jamt over gjev lite kontekst. Ein forklarar ting veldig simpelt og stereotypisk. Lokale stemmer slepp lite til og innsatsen dei sjølve gjer for å betre sin situasjon vert ikkje vist, seier SAIH-leiaren og legg til:

– Det er høg «white saviour»-faktor.

Omgrepet «white saviour» viser ein kvit person frå eit i-land som har som mål å redde ikkje-kvite menneske i utviklingsland frå utfordringane dei møter, anten dei treng det eller ikkje.

– Det som er synd når ein spelar på store generaliseringar, påpeikar «den veldige nauden», eller brukar ekstreme kommunikasjonsformer om at ein skal redde dagen, er at ein ikkje set fokus på kompleksiteten i utfordringane ein bidreg til å løyse, seier Høiskar.

Ho påpeikar at utfordringar som fattigdom har fleire grunnar og komplekse årsakar, og det bør ei bedrift vere merksam på om den skal fortelje om samfunnsansvaret den har teke.

Ekte konsekvensar av uekte bilete

Det er likevel nokre bedrifter som får det til. SAIH trekker fram måten Telenor har formidla om innsatsen for å inspirere jenter til å ta teknologiutdanning som eit godt døme.

Høiskar fortel at det Telenor gjer riktig, er å ta utgangspunkt i at dei unge jentene og late deira handlekraft vere i sentrum:

– Når dei vil bidra til at jenter skal få meir innsikt i teknologi, så har dei allereie anerkjent at desse jentene kan noko frå før – dei har talent og er endringsaktørar.

Det bryt med mykje SAIH har sett tidlegare, både frå bistandsorganisasjonar og næringsliv:

– I mange tilfeller er utgangspunktet «desse stakkars menneska – vi lyt hjelpe dei, og gjeve dei håp».

Framstillingar som er stakkarsleggjerande bidreg til å byggje opp om fordommar, og oppretthalde eit skilje mellom «oss» og «dei».

Det kan påverke måten ein behandlar andre folk på, samt føre til mindre vilje for andre bedrifter til å investere på det afrikanske kontinent.

– Det er ikkje ein god start for å inngå samarbeid, om ein framstiller folk frå land i sør som ute av stand til å gjere nok sjølv, avsluttar Sunniva Folgen Høiskar.

Slik unngår du kommunikasjonsfella

Radi Aid har samafatta nokre konkrete tips som skal hindre at fleire unødvendig snublar i ei stereotypi-fremjande kommunikasjonsfelle:

1: Ikkje gje dykk sjølve hovudrolla! Ikkje ta ei «white saviour»-rolle der de er sjenerøse og snille, og reddar eit Afrika som ikkje kan gjere noko sjølv.

2: Gje rom og eigarskap til lokale stemmer når de fortel om prosjektet.

3: Ver kreativ! Kvifor ty til stakkarsleggjering, når ein kan bruke humor og fokusere på løysingar heller enn problem?

4: Spør dykk sjølve kontrollspørsmål! Hadde du syntest framstilling var grei om deg handla om deg og dine?

5: Tenk på kvifor de vil arbeide med samfunnsansvar: Er det for mediemerksemd eller eit ynskje om å bidra? Det bør vere både eit behov og eit ynskje frå lokalsamfunnet de vil hjelpe.