Seks ting som gjev håp for framtida

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 03.02.2020 13:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fredag er det duka for Verdens beste nyheter sin årlege kampanjedag. Kring heile landet vil det stå frivillige som deler ut ei gratisavis spekka full av gode nyheiter om framsteg frå heile verda.

– Ofte så får dei positive nyheitene ein liten sidenotis, men vi er nøydde til å også la dei historiene verte ein del av debatten, sa Hege Skarrud frå Spire då Framtida.no intervjua ho om kampanjen i fjor.

Marthe Jæger Tangen. Foto: Verdens beste nyheter

Verdens beste nyheter-kampanjen starta som eit dansk initiativ for å motverke det negative mediefokuset på vald og håpløyse.

I Noreg vert kampanjen til i eit samarbeid mellom hovudsakleg Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond (SAIH), Spire og Changemaker.

Framtida.no har spurt Marthe Jæger Tangen som er kommunikasjonsrådgjevar i Verdens beste nyheter om seks ting som gjev håp for framtida:

1. Klimastreik

– Klimastreikarane i over 160 land, det veksande klimaengasjementet blant ungdom og oppblomstringa av global solidaritet.

Det siste året har skulestreikar for klimaet spreidd seg over heile verda.

Streiken som truleg mobiliserte flest på verdsbasis gjekk føre seg fredag 20. september, då fleire millionar unge tok til gatene i førekant av klimatoppmøte i New York.

Arkivbilete frå Klimabrølet i Oslo 30.august 2019. Foto: Ingvild Eide Leirfall

2. Fleire barn er trygge

– 280 millionar fleire barn får ein betre og tryggare oppvekst enn dei ville ha gjort for tjue år sidan. Globalt er barnedødeligheita halvert, fire av fem barn går no på skule og det er 94 millionar færre barnearbeidarar. (Kjede: Global Childhood Report)

3. Kjærleiken sigrar

– I løpet av første halvdel av 2019 har homofili blitt avkriminalisert i Bhutan, Botswana, Angola og Taiwan.

4. Den afrikanske plastkampen

– Afrikanske land leiar an i kampen mot plast.

– Gjennom FN-kampanjen «Beat The Pollution» har fleire land kome med innovative løysingar for å redusere plastforbruk. I land som Kenya, Marokko og Rwanda er det no totalforbod mot plastikkposar. No er vi vitne til at fleire land over heile verda set i verk liknande kampanjar.

Sjå videoen om dei banebrytande plasttiltaka i Rwanda! (P.S. på engelsk):

5. Fjellgorillaen er ikkje utrydda

– Talet fjellgorillaar har auka med 25 prosent i området Virguna Massif i Kongo, Rwanda og Uganda. Fjellgorillaar var tidlegare forventa utrydda i år 2000, men i 2018 hadde likevel talet auka. Av andre artar som har vorte redda frå utrydding finn vi mellom andre bisonen i Yellowstone-område i USA.

6. …med det er nesten polio!

– 9 av 10 barn vert vaksinerte, polio er nærmest utrydda på verdsbasis og det finst endeleg ein effektiv kur mot ebola.

 

bezzerwizzer, berekraft, spel

Saman med Bezzerwizzer Danmark har informasjonskampanjen «Verdens beste nyheter» laga eit spel om FN sine 17 berekraftsmål.