Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 12.05.2019 10:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– [Reklamene] fortel ikkje heile historia om Afrika. Afrika er ikkje fullstendig fattigdomsråka, Afrika er ikkje 100 prosent krig, Afrika manglar ikkje 100 prosent trygt vatn. Vi vert berre fortalde ein del av histora.

Det seier ein 27-år gammal mann frå Malawi, ifølgje ein ny rapport frå undersøkinga Radi-Aid Research, eit samarbeidsprosjekt mellom Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond og Skulen for internasjonal utvikling ved Universitetet i East Anglia.

Granskinga tek føre seg kva afrikanarar synest om korleis kontinentet vert framstilt av bistandsorganisasjonar. Kjenner dei seg att?

– Denne undersøkinga er viktig fordi den gjev menneske i land som mottek bistand mogelegheit til å ytre si meining om kva slags bilete som vanlegvis vert nytta for å skildre kontinentet deira, seier hovudforfattaren av rapporten, David Girling frå Universitetet i East Anglia i ei pressemelding.

Eit korrekt bilete, men utan nyansar

Til saman har 74 respondentar i 12 fokusgrupper i Etiopia, Ghana, Malawi, Sør-Afrika, Uganda og Zambia diskutert bilete og reklamar frå ei rekke internasjonale ikkje-statlege organisasjonar og utviklingsorganisasjonar.

Dei fleste var samde om at reklamane viste eit korrekt bilete av situasjonen mange stadar i Afrika, men samstundes syntest fleire at bileta framstilte kontinentet som mindreverdig.

Kampanjen «We can teach each other» frå Dubai Cares, var den som var mest populær blant respondentane. Dei meinte den var treffande, men også positiv. Dette er eit liknande bilete frå same kampanje: 

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Dubai Cares (@dubaicares)

Eit av hovudfunna i rapporten er behovet for mangfald i framstillingane. Respondentane etterlyser bilete av folk i alle aldrar, med ulike etnisitetar og bakgrunnar. Samstundes ynskjer dei at bistandsorganisasjonar syner at lokalsamfunna har noko å bidra med – kvar er dei mørkhuda legane eller bistandsarbeidarane?

– Det er som om folk ikkje prøver å gjere det betre, men folk prøver faktisk veldig hardt. (…) Vi ser det same biletet om og om igjen, det er som om ingenting har vorte forandra, endå ting endrar seg, seier ei 22 år gammal kvinne frå Zambia.

Les også: Velgjerande bismak

Vis heile spekteret med verdigheit og respekt

Flesteparten av deltakarane innsåg at bistandskampanjane er strategiske og utvikla for å samle inn pengar, og dei fleste sa sjølve at dei også ville valt eit negativt bilete for å inspirere folk til å donere.

Heilt sentralt var det likevel at dei underliggande elementa i framstillingane av folk måtte vere verdigheit og respekt.

– I staden for å stigmatisere fattigdom og fokusere på problem håpar vi at bistandsorganisasjonar også vil respondere ved å vise positive resultat frå utviklingsprogram, seier David Girling.

SAIH-leiar Beathe Øgård seier at fleire av desse funna er på linje med det Radi-Aid-kampanjen har kommunisert sidan 2012, at den typiske framstillinga av Afrika er nedsetjande og dehumaniserande.

– Kvifor ikkje freiste å byggje opp håp og inspirasjon hjå målgruppa, heller enn desperasjon? Respondentane i denne undersøkinga er einige i sitt ynskje om meir mangfaldige bilete av kontinentet deira, seier SAIH-leiar Beathe Øgård.

Veit du korleis det faktisk står til i verda? Prøv deg på denne quizen.