USA og Kina sluttar seg til klimaavtalen

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Barack Obama og Xi Jinping, presidentane i USA og Kina, har i dag gjort det kjent at dei to landa formelt sluttar seg til klimaavtalen frå Paris. Det melder Reuters.

180 land signerte klimaavtalen i desember i fjor, med mål om å begrensa den globale oppvarminga til under 2 grader. Avtalen trer likevel først i kraft når minst 55 land, som til saman står for minst 55 prosent av dei globale utsleppa, formelt har slutta seg til eller ratifisert avtalen.

Klima- og miljøminister Vidar Helgesen kallar det ein «milepåle i det internasjonale klimaarbeidet» at Kina og USA no har tatt dette steget.

– Det er eit godt teikn at store økonomiar som Kina og USA formelt tiltrer Parisavtalen så raskt. Dette aukar presset på dei landa som endå ikkje har slutta seg til han, og er veldig positivt for Noreg og andre land som har ratifisert, seier  Helgesen i ei pressemelding frå Klima- og miljødepartementet.

Med dei to største utsleppsnasjonane i falden dekkjer avtalen no nesten 40 prosent av dei samla utsleppa i verda. Då manglar det berre at 32 land, som til saman står for litt over 15 prosent av utsleppa, sluttar seg til klimaavtalen før han trer i kraft, heiter det i pressemeldinga.

Noreg ratifiserte klimaavtalen i juni i år.

LES OGSÅ: COP21: Klimaavtalen vedtatt