New York kan blir den første store byen i USA som innfører klimabudsjett, etter modell frå Oslo.
Ingvild Eide Leirfall

Bystyret i New York skal no ta stilling til om dei skal innføra klimautslepps-budsjett, på same måte som dei handterer utgifter. Modellen har dei henta frå Oslo.

Det er The Huffington Post som melder dette, og dei har fått tilgong til lovforslaget som skal behandlast.

Klimabudsjett

Forslaget er at byen skal føra rekneskap over klimautsleppa sine. Borgarmeisteren sitt kontor må dimed setje eit utsleppsbudsjett og tildela dei ulike avdelingane i byen avgrensa mengder utslepp av drivhusgassar.  Budsjetta skal så evaluerast ved slutten av kvart rekneskapsår.

– Viss me ikkje handterer klimakrisa, vil ikkje lokalsamfunna våre eksistere lenger, seier rådmann Costa Constantinides til Huffington Post.

Han meiner eit slikt budsjett vil tvinga by-avdelingane til å tenka på utslepp kvart år.

– Det vil vera ein konstant påminnar på behovet me har for å beskytta lokalmiljøa våre.

Inspirert av Oslo

I 2015 vart Oslo den første byen i verda som lanserte eit eige klimabudsjett. Bykommunen innførte klimabudsjett eitt år etter at Miljøpartiet Dei Grøne kom i mindretalsbyråd saman med Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti i 2015.

Andre byar og kommunar følgjer no etter. Både i Noreg, og no i New York i USA.

Nyhenda frå USA har nådd fram til Noreg, og leiar for byrådet i Oslo, Raymond Johansen måtte skryta litt på Facebook-veggen sin.

Ap, SV og MDG har føreslått at regjeringa innfører årlege klimabudsjett frå og med statsbudsjettet for 2020.

I Stortinget stemte Raudt for, i tillegg til forslagsstillarane. Høgre, Frp, Sp, KrF og Venstre stemte imot.

Med «New York State Climate Leadership and Community Protection Act» vil delstaten kutta klimagassutsleppa med 85 prosent av 1990-nivå innan 2050. Det vil dei mellom anna gjere med å få delstaten over på eit nytt karbon-fritt elektrisk system innan 2040. Foto: Matteo Catanese, Unsplash.com
ANNONSE