Equinor vil bygge ut vindkraft for 27 milliardar utanfor USA

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eit stort anlegg med 60 til 80 vindturbinar i havet utanfor innseglinga til New York, skal gi straum til ein halv million hushald i New York.

Norske Equinor reknar med at heile prosjektet, kalla «Emipre Wind», skal stå klart i 2024 og vil få ein prislapp på 27 milliardar kroner, skriv Aftenposten 24.september.

Trump tydeleg motstandar

President Donald Trump har på si side vore tydeleg på at han er motstandar av vindkraft. Nyleg sa han at hus nærare enn tre kilometer frå ei vindmølle praktisk talt er verdilause, og i april sa han om vindturbinar at «dei seier lyden forårsakar kreft».

Eit anna vindkraftprosjekt utanfor kysten av Massachusetts har vorte kraftig forseinka på grunn av nye krav om utgreiingar av miljøkonsekvens.

Trygg på å få gjennom søknaden

Søknaden til Equinor skal behandlast av Bureau of Ocean Energy Management som ligg under USAs innanriksdepartement. Dette departementet blir styrt av tidlegare oljelobbyist David Bernhardt, skriv Aftenposten.

– Fornybar energi er noko som blir drive fram av dei enkelte statane, og New York har vore veldig tydelege på kva dei ønsker å gjere, seier Equinor-sjef Eldar Sætre som er trygg på prosjektet.

Havbotnen som vindturbinane skal stå på, blir leigd av den føderale regjeringa, og kontrakten om levering av straumen er allereie signert.

Les også: om kva klimaendringane betyr for utanrikspolitikken til Noreg.

Bakgrunnsbilete frå flaumen i Utvik, Nordfjord: Tord Bruland. Foto av Trump: Gage Skidmore/Flickr/CC BY-SA 2.0. Foto av Bolsonaro: Gustavo Lima / Câmara dos Deputados/Wikimedia Commons/CC BY 3.0. Foto av Macron: Jacques Paquier/Flickr/CC BY 2.0. Foto av Ine Eriksen Søreide: Asgeir Spange Brekke/FD/UD