Historisk spenning i førjulstida

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Terje Torkildsen er den einaste som har vunne Uprisen to gonger, for Marki Marco og Dystopia III, og eg blir ikkje veldig overraska om han skulle vinne ein tredje gong med den forrykande historiske sjøromanen Arrfjes.

Her er det eg las om boka på forlaget sine sider:

«I april 1812 oppdagar førstereisguten Ejner Tevig og resten av mannskapet om bord på den norske skuta Haabet ein engelsk brigg i Nordsjøen. Kanonbåtkrigen med England er på sitt hardaste og fleire tusen norske sjømenn blir tekne til fange og sende i den engelske prisonen. Kapteinen på Haabet bestemmer likevel at dei skal kapre den engelske briggen. Det burde dei absolutt ikkje gjort.»

Eg kan love deg at dette er ei drivande spenningsbok, med veldig godt språk og fin handling.
«Berre den som sjølv har grave ei grav, veit kor tungt det er. Ho skal vera seks fot djup og like lang. Han som grev denne grava er snautt fem fot lang. Han heter Ejner Tevig, og har enno ikkje fylt fjorten år. For mindre enn to veker sidan reiste han heimanfrå, frå staden han har budd heile livet. No står han og grev ei grav på ei øy mange hundre sjømil lenger vest.»

«Då Ejner var liten hadde han eit vakkert ansikt. Alle var einige om det. Men det var før kopparsjuka kom til Tevig. Det var før krigen. No er han ikkje like vakker lenger.»

Det er Ejner som er arrfjes. Hardt merka av kopparsjuka, og krigen, og han har arr over heile ansiktet. Han er førstereisgutt på båt, og det blir ei tøffare reise enn han kunne dikta opp i sine villaste draumar. Han får fort veldig mykje ansvar av kapteinen, og blir sendt ut på eit oppdrag han ikkje føler seg heilt trygg på. Ikkje minst er han redd for sin nye overkommanderande på dette nye oppdraget. Det er spenning heile vegen her, og eg har så lyst til å lese meir om denne guten for å sjå korleis det skal gå vidare!

Arrfjeser ei fin bok, som er godt skrive. Det er ein skikkelig god driv i språket, og her har vi virkeleg upåklageleg nynorsk! Det er ei spennande forteljing, og fin bruk av gjentaking som verkemiddel gjennom historia. Du kan verkeleg føle sjøsprøyten og høyre bølgjene når du les denne forteljinga!

Du bør lese denne boka om du liker spenning i ei historisk setting, og ikkje minst så er det ei bok for dei som liker å lese om tøffe unge menneske som får mykje ansvar veldig tidleg.

Først publisert på Ubok.no.


Les fleire bokmeldingar her!

Faktaboks

Arrfjes
Terje Torkildsen
Samlaget 2014
167 sider