Ærleg og brutalt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bok: Fengsla
Forfattar: Hilde K. Kvalvaag
Forlag: Samlaget, 2010

Ungdomsromanen ”Fengsla” er brutal og ærleg, utan fordommar og utan at hovudpersonane blir dømt på noko vis. Det gjer at det nokon gonger kan vere ubehageleg lesing, spesielt for ein person som ikkje lenger er i dei kaotiske tenåra.

Vi les heile historia gjennom auga til Idun. Skuleflinke og løpetalentfulle Idun som bur saman med si fråskilde og ”poshe” mor med ringer under auga, den eldre broren Morten har flytta ut og bort, medan faren hennar med den gule refleksjakka har fått seg ny dame. ”Ho hadde kne som ein halt sau, … , og naseborer som fuglereir”, seier Morten om den nye dama.

Det er ikkje mange grenser Idun har tråkka over i sitt unge liv, men det blir det ei endring i når Mai kjem for å bu hos ho og mora. ”Ho skulle inn i denne avblomstra familien som ein omplassert hund der eigaren hadde fått allergi”.

Mai bruker mykje sminke og trange klede. ”Ein slik type der det å ligge med nokon er det same som å seie hei”. Idun legg ikkje fingrane mellom i sine tankar om Mai.”, … ho er den største hora eg kjenner,…”.

Etter at gråtkvalte Mai har vore i den avblomstra familien nokre veker skjer det plutseleg ei endring i Idun sine tankar om Mai. Dette skjer etter den første skuledagen for dei to tenåringsjentene.

”Akkurat då var det som om eg såg Mai med nye auge. Eg såg at halsen var litt for kort, og at øyra stod ut. Eg la merke til at Mais hår var tynt. Sjølv om ho bruka skum for volum, lyste huda i skallen gjennom”.

Det blir lettare for Idun å like Mai når ho ser at ho ikkje er så pen som ho alltid har tenkt. Dette speglar Idun sine tankar om seg sjølv. Ho er ikkje spesielt nøgd med verken utsjånad eller evner. Sjølv om ho er skuleflinkt er ho for tynn og kantete, og sjølv om ho er eit talent når det gjeld langsdistanseløp, blir ho alltid nummer to på 800 meter.

Når Idun ser Mai med nye auge blir det eit vendepunkt i boka. Mai, som er det som mange kallar ”moden for alderen”, klarer å få Idun med seg på opplevingar ho elles aldri ville ha gitt seg ut på.

Dei er begge i den fasen av livet som kanskje er mest forvirrande og ulukkeleg, begge har opplevd samlivsbrot mellom foreldra og dei slit begge med å finne sin plass. Saman begynner dei å teste ut grenser.

Kor dette endar, skal ikkje bli sagt i denne meldinga, men det er ei sterk historie Hilde K. Kvalvaag fortel i sin femte roman. Med sine detaljrike beskrivingar av både personar og hendingar klarer forfattaren å bringe historia nær oss. Det er både på godt og vondt for lesaren.

LES MELDINGA AV BOKA  PÅ MAGASINETT.NO!