Asbjørn Rydland får Uprisen for fantasy-bok

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 05.06.2017 22:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Asbjørn Rydland får Uprisen

Prisen blei delt ut på Litteraturfestivalen på Lillehammer i dag, torsdag.

Ifølgje NRK stod jubelen i taket etter at Galderstjerna blei kåra som vinnar på Ushowet.

Boka er den første i Vegandi-serien av Asbjørn Rydland.

1400 bokmeldingar
«Boka er unik innanfor ein sjanger som er veldig populær. Science fiction, mytologi og fantasy er blanda saman på ein unik måte. […]Boka er den lengste av dei nominerte og han er på nynorsk, men det viste seg å ikkje vera noko problem.»  skriv juryen om boka.

– Engasjementet har vore enormt, heilt frå nominasjonsprosessen der 1400 bokmeldingar kom inn, til juryarbeidet og dei avsluttande diskusjonane. Det var veldig jamt og sjølv om Galdertjerna trekte det lengste strået, er alle dei nominerte blitt favorittar blant elevane. Det seier noko om nivået på norsk ungdomslitteratur no, seier prosjektleiar for Uprisen i Foreningen !les, Bjarte Bakken i ei pressemelding.

Merkelege skapningar
Ei rekke merkelege hendingar driv 17-årige Eirik inn i ei verd som er ulik vår, men som han likevel kjenner – gjennom eit dataspel. Når verdene blandar seg saman, må Eirik finne si rolle i det heile. På ferda møter han mange ulike skapningar og får nye vennar – men også fiendar. Eirik blir derfor nøydd til å velje kven han skal stole på, og ikkje minst lære å stole på seg sjølv.

«Spennande, drivande og moro underhaldning», skreiv Framtida.no sin bokmeldar Mari Vold om boka.

Boka er den femte nynorskboka som får Uprisen sidan starten i 2007.

LES OGSÅ: Her er dei beste barne- og ungdomsbøkene

Faktaboks

Asbjørn Rydland (f. 1976) er frå Seim i Hordaland og bur i Oslo. Han vart tildelt både Nynorsk barnebokpris og Fabelprisen for serien om Drakeguten i 2012. Drakeguten vann NM i litteraturformidling.

• Uprisen er ein litteraturpris for ungdomsbøker som har blitt delt ut kvart år av Foreningen !les i samarbeid med Norsk Litteraturfestival.
• Uprisen er Noregs einaste litteraturpris der ungdom sjølv nominerer og kårar årets ungdomsbok.
• Kvart år deltek rundt 1000 ungdomar i kåringa.

Sjå lista over tidlegare vinnarar her!