Eit glimt frå fortida

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Glimt er ei grøssande spenningsbok som handlar om 15 år gamle Jon som flyttar til den vesle øya Grovøy. Der møter han nye vener, men også eit mystisk gammalt ungdomshus. Saman med dei nye venene sine prøver Jon å finne ut kva den vesle øya skjuler, men også om enkelte personar er den dei gir seg ut for å vere. Og kven er eigentlig gamle demente frøken Hansen, og kva er det ho vil med Jon?

Denne boka er ganske lettlest med god storleik på skrifta og passeleg mykje skrift på kvar side. Språket er heller ikkje så vanskeleg og det er derfor lett å skjønne kva handlinga går ut på. Boka er skriven parallelt i to tider. Under krigen og i notid. Forfattaren skildrar fortida slik at ein visualiserar korleis situasjonen, kleda og matsituasjonen var ved hjelp av å lage språklege bilete. Det er overskrifta på kvart kapittel som fortel kva tid dei er i. Glimt er nok ei bok som er retta mot ungdom, men med tanke på spenninga og at forfattaren dreg inn episodar frå krigstida, trur eg det er ei bok mange vaksne og vil like. Måten forfattaren skildrar på, heilt ned i detalj, passar godt til handlinga og gjer at det er lett å leve seg inn i boka. Det at boka er skrive på nynorsk trur eg gjer at innhaldet går meir inn på meg og styrken i det nynorske språket gjer at den blir meir personleg.

Glimt er elles ein klassisk spenningsroman, etter å ha lese denne boka har eg bl.a. eit anna forhold til uttrykket tyskartøs. Forfattaren får det nemleg vist frå ei anna side der lesaren får sjå korleis det kunne vere for ei 15 år gammal jente å vere i den situasjonen. Korleis det kan vere å bli svikta av dei næraste.

Boka startar ikkje midt i spenninga, men heilt frå første side er det ei mystisk stemning eg ikkje heilt klarer setje ord på. Korleis karakterane oppfører seg og dei små dialogane som ofte er litt gåtefulle. Dette var med på at eg nokre gonger måtte trekkje føtene opp i sofaen og lukke gardinene. Eg trur dette er målet til forfattaren, at lesaren skal bli litt småredd når ein les. Som mange andre bøker kan ein også i denne ane tidleg kva som kjem til å skje i slutten. Eg er ikkje så stor fan av akkurat dette, men forfattaren har likevel klart å komme med u-ante avsløringar i slutten som gjer at eg ikkje vil det skal ta slutt.

Forfattaren av Glimt, Tor Arve Røssland skriv bøker for barn og unge, og glimt er den 14 boka hans. Bøkene han er mest kjend for er trilogien om Svarte-Mathilda. Desse bøkene kjem også under spennings og grøssar sjangeren slik som Glimt. Måten forfattaren fang merksemda til lesaren på er ved å gi eit slags svar på det overnaturlege.

Alt i alt trur eg denne boka handlar om korleis både forferdelige og fine hendingar gjentar seg i generasjonar. Ting som skjedde med folka i krigs tida, skjer gjerne den dag i dag. Boka prøver nok og å seie noko om at ein veit ikkje alltid kven ein kan stole på, og at ein skal vere varsam med å dømme noko, ein bestemmer ikkje alltid over sin eigen skjebne. Glimt er ei bok eg tilrår på det sterkaste. Frå 13-14 års alderen og oppover, trur eg dette er ei bok som passar for dei fleste. Både dei som likar å lese og for dei som kanskje ikkje er like glad i å lese, kan dette vere ei god bok å byrje med.

Eg vil gi Glimt terningkast 5.

Faktaboks

Glimt
Forfattar: Tor Arve Røssland
Samlaget 2015
Sjanger: Grøss og spenning
Sidetal: 224