Smadra av Brynjulf Jung Tjønn: Lyset du treng finst

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Livet er ikkje lett. Det veit alle som har gått i sjuande klasse. For Oda er det verre enn for mange, men ho bestemmer seg: – Du kan ikkje gå og vere redd resten av livet! seier Oda til bestevenen Milad, men mest til seg sjølv.

Oda er redd. Mor slår henne så hardt at ho må lyge, både til far, læraren og Milad. Ho seier ho har dårleg balanse og dett når ho syklar. Milad har flykta over havet. Han er også redd.

Smadra av Brynjulf Jung Tjønn fortel om korleis dei to venene hjelper seg sjølv, ved å hjelpe den andre først.

Forfattaren let Oda tenkje og drøyme i verselinjer med rytme og driv. Lette å lese, men bilderike og meiningssterke. Tankane vekslar med kvardagsleg, truverdig dialog mellom Oda og dei andre.

Å setje mot i barnet når dei vaksne sviktar er eit mykje brukt motiv i nyare barnelitteratur.

«Det er aldri barna sin feil. Alt det galne dei vaksne gjer», seier fulle Nils ettertrykkeleg til Maria Parr si Tonje Glimmerdal, til dømes.

Alle som går i sjuande klasse kan lese denne boka, den høver også både for yngre og litt eldre ungdommar. Romanen har ei enkel form. Historia har ein klar bodskap. Den største styrken ved Smadra er at bodskapen likevel er nyansert, på den måten at den tilpassar seg til lesaren:

Heldigvis har ikkje alle lesarar foreldre som sviktar! Men alle har eit mørke ein kan vende seg frå og eit lys ein kan snu seg i mot. Eg låner lyrikaren Helge Torvund si strofe for å oppsummere mi lesing av Smadra: Lyset du treng finst.

Alt det lyse og alt det mørke var namnet på den førre vaksenromanen til Brynjulf Jung Tjønn. Også den om omsorgssvikt, sett frå synsvinkelen til eit barn. Det er som om tittelen oppsummerer forfattarskapen: I Brynjulf Jung Tjønn sine bøker er det alltid mørkt, men han slepp inn strimer av lys. Meir lys denne gongen. Akkurat så mykje lys som Oda treng.

 

Les intervju med forfattaren her: Dei snakka ikkje mykje om kjensler på garden. Difor skriv Brynjulf Jung Tjønn

Les fleire bokmeldingar her!