Ei kokebok for gode ungdomskommunar: – Den største forskjellen gjer ein i sitt eige lokalmiljø

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne veka vart «Årets ungdomskommune 2019» kåra, og Mandal gjekk av med sigeren. Kommunen stod att i finalen saman med Vefsn, Ulstein og Bodø.

Framtida.no har intervjua ungdomsrådsleiarane frå Mandal, Bodø og Ulstein om kva som gjer at nettopp deira kommune utmerkjer seg.

Dei tre ungdomsrådsleiarane deler sine lærdomar heimanfrå med andre kommunar.

Dette må vere på plass for å verte ein god ungdomskommune:

1: Ungdomsråd

– Ungdomsråd er heilt vesentlege for ein kommune som skal satse på ungdom. Det er eit tydeleg signal på at ein ynskjer å løfte ungdom, seier Nicola Natalie V. Furnes, leiar i ungdomsrådet i Bodø.

Ho understreker at å jobbe med medverknad som metode – å ha tilsette som personleg engasjerer seg for å inkludere ungdom – er viktig.

Håkon Hunt. Foto: Privat

Håkon Hunt, leiar av Nye Lindesnes barne- og ungdomsråd, poengterer at for å verte ein god ungdomskommune, er det avgjerande at kvar enkelt folkevald lærer å få respekt for dei unge.

– Det er også eit viktig punkt at kommunen legg inn ein ordentleg innsats for å få unge stemmer inn i kommunestyret, seier mandalitten.

2: Gode rammer for frivilligheit

– Alle initiativ treng ikkje kome frå kommunen, men ein lyt sleppe til gode krefter utanfrå. Ein må gje dei verktøya, seier bodøværingen Furnes.

Ho forklarar at mange lokale mobiliseringsprosjekt vert sparka i gang av unge, men at det ofte er ei stor utfordring for unge å opprette systematisk kontakt med foreiningar, næringsliv og kommunen.

Dersom kommunane gjev tydelege retningslinjer og gode rammevilkår vil det verte enklare å sikre kontinuitet.

– Ofte er det få eldsjeler. Brenn dei ut, kan store miljø lide under det. Samarbeid må forankrast. Støtte vert gjeve på best mogeleg måte ved å etablere føreseielege rammevilkår, forklarar Furnes.

3: Gode møteplassar for ungdomar

– Ein lyt tenkje nytt om møteplassane – satse på til dømes gamingtilbod og framtidsretta møteplassar. Ein lyt vere framoverlente og nytenkjande, seier Furnes.

Ho får også støtte av leiaren i Ulstein ungdomsråd, Steffen Anderson. Han meiner mangfaldet av møteplassar og tilbod er ein av grunnane til at heimkommunen Ulstein er ein god plass for ungdom.

4: Ungdom som vil bidra

– Om fleire involverer seg, vil det styrke undomen sine rettar. Den største forskjellen gjer ein ikkje nasjonalt eller i verda – den gjer ein i sitt eige lokalmiljø, seier Nicola Natalie V. Furnes.

Leiaren i Bodø ungdomsråd understrekar at ei god ungdomskommune også stiller krav til ungdomane sjølve:

– Vi har så mange mogelegheiter for å påverke, men då lyt vi ta ansvar, seier ho og poengterer at det er lite vits i å klage om ein ikkje handlar.

Dersom desse fire faktorane er på plass, så har kommunen eit godt utgangspunkt for å verte ein plass ungdom trivst:

– Det trur eg er ei god kokebok med oppskrifter til korleis ein kan lukkast med barne- og ungdomskultur, avsluttar Nicola Natalie V. Furnes.

Foto: Ida Johanne Aadland