– Er det no eg skal seie at målet mitt eigentleg er at MDG ikkje finst om nokre år?

Det er Oda Sofie Pettersen som spør, 19-åringen frå Søgne som har teke seg eit friår for å satse på miljøpolitikk.

Klokka har enno ikkje bikka lunsj måndag føremiddag, men hos Grøn Ungdom i Agder har det allereie tikka inn to nye medlemar. Det er verveveke, og Oda og ei handfull andre reiser rundt på vidaregåande skular for å få engasjerte ungdommar inn i politikken.

Veganaren som vaks opp i ein fiskarfamilie

Etter ho såg filmen «Cowspiracy» bestemte Oda seg for å verte veganar – til trass for at ho er av fiskarslekt. Foto: Privat

Sjølv har Oda vore engasjert i mange år allereie.

Som 15-åring snudde Oda tvert og la om heile kosthaldet. Dei siste fire åra har ho takka nei til kjøt og andre animalske produkt.

Vanskeleg seier nokon, men skal ein tru Oda vart den grøne tallerkenen fort ei sjølvfølgje. Det trass i at familien hennar har vore fiskarar i fleire generasjonar, og at ho sjølv står registret som fiskar i folkeregisteret. Om somrane sel ho ferske krabbar heime i Søgne, men et dei ikkje sjølv.

– Eg vart veganar mest for klimaet sin del, ikkje det etiske. Og eg meiner berekraftig fiske er ei av dei næringane Agder burde satse meir på, ettersom det trass alt er klimavenleg matproduksjon og god utnytting av ressursar, forklarar ho.

Likevel: Ryktet om at Oda hadde slått om til plantekost nådde ein av ungdomspolitikarane på skulen, og 15 år gamle Oda vart spurt om ho ikkje ville melde seg inn i Grøn ungdom.

– Ho forsikra meg om det ikkje var forpliktande eller noko, og at eg berre trong bli med på det eg hadde tid til. Men no har eg blitt heilt fanga!

Les også om dei unge valekspertane som skal sikre at politikarane ikkje overser barn i lokalvalet: – Sjølv om barn ikkje har stemmerett i Noreg, så bør vi ha ei stemme

 #Odapåtinget

Såpass fanga at ho har blitt fylkesleiar for Grøn Ungdom i Agder og no står som tredjekandidat på fylkestingslista. Det betyr at ho kan verte heiltidstilsett i fylkestinget til hausten – om Miljøpartiet dei grøne klarar å få meir enn fem prosent av veljarane i kommune- og fylkestingsvalet.

Den opphavlege planen, eller draumen, var å reise til USA for å studere politikk og internasjonale relasjonar. No er ho usikker på om ho skal reise i det heile teke.

– No satsar eg alt på å komme inn på tinget! Men eg har søkt nokre studium også då, sånn i tilfelle, seier ho.

Sjølv om ho helst ser at dei andre partia snart tek klimatrusselen på alvor og at Miljøpartiet derfor ikkje trengst om nokre år, er Oda fast bestemt på at ho må jobbe med noko som har med engasjement og samfunn å gjere.

– Eg har iallfall ikkje funne noko kjekkare endå!

Å løyse klimakrisa utan å gjere det vanskeleg for folk

Sjølv om klimaomsynet var ein viktig grunn til at Oda gjekk inn i politikken, er ho rask til å påpeike at Miljøpartiet har politikk også på andre område. Det er også på desse andre områdene ho har hatt størst grunn til å feire til no:

Verveveka i midten av mars er travel for ungdomspolitikarar som vil ha fleire med på laget. Foto: Privat

– Den største sigeren så langt? Hmm, jo, det må vere då me fekk gjennomslag for betre seksualundervisning for alle elevane i Kristiansand! seier Oda.

Det er vanskeleg å svare på kva sak ho aller helst vil få gjennom framover, men kollektivtransport står høgt på lista.

– Alt handlar jo om å løyse klimakrisa utan å gjere det vanskeleg for folk. Det er få som er villige til å leggje vekk det gamle livet utan at det finst noko bra alternativ.

For tida er hennar eigen elbil inne på verkstad, og i mellomtida har ho fått låne ein dieselbil.

– Det er litt tabu å kome til MDG-møte i bil, ja, du får høyre det, spøkar ho.

– Men eg er ikkje perfekt eg heller, og det trur eg er viktig å vise. Ein kan heller ikkje tvinge folk til å legge om liva sine før det finst gode alternativ, seier ungdomspolitikaren.

Les også meiningsinnlegget til Herdis Auestad Nergaard (18): «Ungdommane som streikar (og alle andre) må faktisk leggje om livsstilen sin»

– Eg gjer ikkje dette for å vinne valet, men for å redde kloden

Hjartesaker er det mange av, men kvardagane er ofte ein heil del tørrare enn rungande demonstrasjonar og travle verveveker. Kvardagen går med til møte, verving, valkampstrategi, skriving av lesarinnlegg og pleiing av tverrpolitiske samarbeid.

– Eg er ein skikkeleg organisatorisk nerd, så eg synest faktisk det er kjekt. Men i tider med litt vel mykje referatskriving må eg minne meg sjølv på at det er klima det handlar om. Eg gjer ikkje dette for å vinne valet, men for å redde kloden.

Engasjementet har foreløpig resultert i ein kontorkrok i Kristiansand og ei handfull prosent stilling i MDG Agder. At ho bur heime hos foreldra gjer at ho kan prioritere som ho gjer, for mesteparten av arbeidet ho legg ned blir ikkje betalt i kroner og øre, men heller i ein reinare klode.

– Det hender eg må seie nei til ein kopp kaffi med venninner, men det er det verdt. Eg gjer jo dette for saka.

– Pappa seier eg er MDG-ar på fulltid. Og det er kanskje sant. Men klimasaka er annleis enn andre saker, det tek opp alt. Det er ikkje det same som kampen om barnehageplassar akkurat, seier Oda Sofie Pettersen. Foto: Ida Johanne Aadland

Ung og lovande – eller ung og søt?

Som så mange andre engasjerte ungdommar har ho fått høyre det: «Så flott at du engasjerer deg», «du er ung og ny, ikkje rart du lar deg pille på nasen», «det er bra du engasjerer deg, men dei vaksne veit trass alt best».

Ho forstår at fleire kan kvie seg for å engasjere seg i politikken, og trur det stadig aukande personfokuset kan vere grunnen.

– Mange plassar har diskusjonsklimaet endra seg til å handle meir om person enn om meiningar. Ta for eksempel Sylvi Listhaug, dei fleste veit kven ho er, men langt færre veit kva ho og FrP står for.

Oda fortel at ho føler ho aldri vert teke heilt på alvor, mykje på grunn av alderen.

– Er det likevel verdt det?

– Ja! Eg gjer det jo for saka. Me skal redde kloden og då har me ikkje tid til å vere redde for våre eigne kjensler.

Og det er ikkje berre ulemper med å vere ung i politikken.

– Som ung er det lettare å nå ut til dei unge og det er lettare å snakke om klima. Det handlar om framtida vår, så klima er liksom blitt dei unge si sak.

– Og om du er ung og flink så synest folk det er ekstra kult. Du hadde vel for eksempel ikkje invitert meg til intervju om eg var ti år eldre?, kontrar ho.

Les også meiningsinnlegget: – Eg er ikkje til pynt på fylkestinglista, om det er det du trur

Eit demokratisk problem

Klimastreiken har trekt til seg hundretusenvis av ungdom, og dei seinaste framsidene vitna om 40.000 norske ungdommar i gatene. Men alt for få kanaliserer engasjementet vidare til politisk påverknad, meiner Oda. Det viser også tal frå Institutt for samfunnsforsking: Ungdom er underrepresentert i norske kommunestyre.

– Eg meiner det er eit demokratisk problem at det ikkje er fleire under 40 i kommunestyra rundt om, seier Oda.

19-åringen er redd dei som allereie er 50 år kanskje ikkje planlegg like langt fram i tid, og at ein derfor er avhengig av unge ansikt i kommunestyresalar for å få klima langt nok opp på agendaen. Ho er derfor stolt av at dei i Agder har fått åtte under 28 som toppkandidatar før lokalvalet til hausten.

Oppskrifta til andre som vil bruke pasjonen sin politisk er klar:

– For det første: Meld deg til eit parti du støttar. Ta kontakt! Spør «kva kan eg gjere? Hjelp meg med å hjelpe». Det er alltid noko å gjere, og me treng alle om bord.

Sjølv syntest ho ikkje det var nok å gjere i Vest-Agder i starten, så ho tok like godt bussen til nabofylket for å vere med på møta der også.

Oda håpar ververunden kan gjere at dei får fleire ungdommar med på laget før det avgjerande kommunevalet i september. Alle er velkomne, også dei som ikkje veit noko om politikk frå før av. Ho forsikrar om at dei held seg på grasrota og at ein slepp å møte i dress på møte:

– Me har plass til alle, sjølv dei som ikkje veit kven statsministeren er.

Ung eller gamal, grøn politikk er grøn politikk. – Eg føler at eg har funne rett plass, seier Oda. Foto: Privat

Les også meiningsinnlegget til Elise Stokken (19) som står på liste til lokalvalet:
– Kven skal gjere noko med problemet du ser eller tale di sak, om du ikkje gjer det? 

Oppdatert: måndag 15. april 2019 08.53

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE