Desse knivest om å verte årets ungdomskommune

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 14.11.2019 08:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Her er det best å vere ungdom

På overflata kan det verke som Ulstein, Mandal, Bodø og Vefsn er fire kommunar med lite til felles.

Øykommunen Ulstein ligg heilt i vest, i havgapet på Mørekysten. Heilt på sørtuppen av landet, ligg Mandal med Nordsjøen som næraste nabo. Kommunen vert historie ved nyttår, då kommunereformen vert gjeldande og Nye Lindesnes skapt. I nord ligg langstrekte Bodø, med sine strandflater og brå fjellparti. Til slutt Helgelandskommunen Vefsn, som også ligg langs den smale halsen i Nord-Noreg.

Ein ting har dei jamvel felles: Dei er alle nominerte til «Årets ungdomskommune 2019» for å vere framifrå plassar for unge å vekse opp.

Desse kommunane har utmerka seg «med å la unges mulighet til å delta og medvirke være en forutsetning for god, lokal ungdompolitikk».

Av alle søkjarane står desse fire kandidatane att. Kva er det desse kommunane får så godt til?

Tre av ungdomsrådsleiarane frå dei fire kommunane forklarar korleis deira kommune når fram til ungdomane.

Framtida.no har forsøkt å kome i kontakt med ungdomsrådsleiaren i Vefsn, utan hell.

Ungdomskulturen i Bodø

Bodøværingen Nicola Natalie V. Furnes har alltid har hatt eit ynskje om å bidra, det var det som gjorde at ho først engasjerte seg.

– For meg handla det om å ta til orde for dei som anten ikkje kunne sjølv eller ville, fortel Furnes på telefon til Framtida.no.

18-åringen har vore leiar for Bodø ungdomsråd i to år. Året før var ho kasserar. Samstundes har ho ei rekkje andre verv ho vier tid til – ho er leiar både i elevrådet hjå Bodin vidaregåande skule og i Ung boksirkel.

Innimellom verv og engasjement freistar Nicola Natalie V. Furnes også å få tid til kjærasten og til å vere saman med venner. Foto: Andreas Jakobsen

Sjølv er ho tilhengjar av at barn og unge skal få skape sin eigen kultur og sin eigen frivilligheit. Det synest ho Bodø har gode rammer for.

– Vi har eit veldig rikt kulturliv for barn og unge, og er veldig gode på uorganisert idrett og aktivitetar. Det er mange som ikkje har sosioøkonomiske føresetnader for å delta, men vi har mange lågterskel tilbod, seier Furnes.

18-åringen fortel at i ein kommune som er så spreidd og langstrekt som Bodø, er det viktig å ha tilbod for alle – også dei i meir grisgrendte strok eller dei som ikkje har høve til å delta på kostnadskrevjande aktivitetar.

Ho er difor særleg stolt av skateparken ungdomsrådet sikra støtte til for eitt år sidan. Etter å ha teke til talarstolen i bystyret i fleire omgangar, vart det gjennomslag for å løyve 15 millionar kroner til å få den på plass.

Samstundes har Bodø «Ung kultur», eit nettverk av ungdomsklubbar og fritidssenter, og arenaen «Unge Stormen» der barn og unge kan vere med å avgjere kva aktivitetar biblioteket skal stå for – alt frå dansing og musikk til gaming og teiknekveldar.

Bilete frå Bodø hamn. Foto: Kefi/Wikimedia Commons/CC BY-SA 3.0

Gode krefter

– Barn og unge er veldig aktive, og set premissane for kva tilbod dei vil ha sjølve. Politikarane på si side er gode på å lytte. Det er veldig mange gode krefter i sving i kommunen, seier bodøværingen Furnes.

Kreftene er heller ikkje tilfeldige, forklarar ho: Dei kjem av eit langt og systematisk arbeid.

Ungdomsrådet vart oppretta i 2001, og det har vore eit tverrpolitisk ynskje om å styrke satsinga på ungdom.

Furnes fortel at ungdomsrådet vert tidleg involvert i dei politiske prosessane, og kan også ta opp saker på eige initiativ i bystyret.

Samstundes får ungdomsrådet støtte til drift, og også 100 000 kroner i straksmidlar som dei sjølve deler ut der det er behov – til skular som vil halde juleball, skateboard-samlingar, eller ungdomsklubbar.

– Det har vore med å løfte ungdomskulturen, seier Furnes og legg til:

– No er Bodø kommune veldig kjende for å ha fleire tenester enn lovpålagt.

Aktivitetskommunen Ulstein

I øykommunen Ulstein bur 17 år gamle Steffen Anderson. Han er leiar i Ulstein ungdomsråd, og har vore medlem i fire år allereie. Det var ein kamerat av han som hadde vore med førut, som skrytte av kor kjekt det hadde vore. Då tenkte Anderson: Kvifor ikkje berre søkje?

No freistar han å rekruttere andre på same vis:

– Eg prøvar å få med ungdom, slik at vi saman kan sikre at ungdomar har det bra. Ungdomsrådet er sosialt. Dersom du er usikker, er det berre å søkje likevel. Om du ikkje likar det, så er det ikkje verre enn å gå av, seier han.

Steffen Anderson. Foto: Privat

Steffen Anderson trur det er mangfaldet av fritidstilbod for unge som gjer at kommunen utmerkjar seg. Han viser til ungdomsklubbar, parkar og flust med aktivitetar. Frå sykkelbane til Ulstein Lan, som samlar 300 ungdom for å ha det sosialt og spele saman.

Særleg rosar Anderson ungdomsrådet som for nokre år sidan sikra Ulstein arena:

– Det var stort!

Den store arenaen stod ferdig i 2017, og husar både ein fleirbrukshall, eit bibliotek, eit badeanlegg og ein klatrehall.

– Tek ungdom på alvor

Steffen Anderson meiner tilboda syner at ulsteinpolitikarane tek ungdom på alvor:

– Dei veit at det er viktig at ungdom veks opp godt, sidan vi er framtida. Om vi skal kome tilbake og starte familie her, så veit vi at borna våre har ein fin plass å vekse opp.

Likevel understrekar han at utan eit sterkt ungdomsråd, så hadde nok ikkje tilboda vore som i dag.

Ungdomsrådet har talerett i kommunestyre, og ordføraren er med i fleire av deira eigne møter.

– Vi jobbar godt, og har mange opne møter på biblioteket. Vi prøvar å bruke dei møteplassane vi har tilgjengelege, og ikkje sitje lukka, seier Anderson.

Ulstein kommune har allereie vorte kåra til årets ungdomskommune i Møre og Romsdal, men Anderson legg ikkje skjul på at å gå til topps i kåringa for heile landet ville gjeve ungdomsrådet endå meir pondus i møte med den politiske leiinga.

– Dei veit at vi gjer ein god jobb, men om vi vinn så vil det gje oss ein endå større boost.

Bilete frå Ulsteinvik i Ulstein kommune. Foto: jechstra/Flickr/CC BY-NC-ND 2.0

– Eit enormt ansvar

Håkon Hunt trur ungdomsrådet kjem styrkja ut av kommunesamanslåinga. Foto: Privat

– Det er litt i beinmargen på politikarane no, at dei skal høyre på kva vi har å seie når vi står på talarstolen, fortel Håkon Hunt.

17-åringen er nyvald ungdomsrådsleiar i Nye Lindesnes barne- og ungdomsråd. Frå årsskifte går Mandal kommune saman med Marnardal og Lindesnes i ein ny storkommune.

Hunt fortel at det har vore ein lang prosess å etablere eit ungdomsråd som vågar å ta plass, og vert lytta til når dei tek ordet.

For godt og vel ti år sidan sat ungdomen meir på sidelinja, i dag har ungdomsrådet møterett, talerett og forslagsrett i kommunestyre i Mandal.

– Det er eit enormt ansvar, men det er veldig viktig. Det viser den tilliten ein har og får hjå politikarane, seier Hunt.

Representantar frå barne- og ungdomsråd tek til talarstolen utan å nøle, og er mykje ute i media.

Sjølv folk i storkommunen Kristiansand har fått med seg ungdomsrådet i Mandal, seier 17-åringen.

– Dette med å vere synlege, og at vi har fått gjennomslag for ting er viktig, seier Hunt.

Mandalsmoddelen

Men det er ikkje berre politikarane som kjenner til ungdomsrådet, det same gjer barn og unge i kommunen.

Håkon Hunt fortel at alle – frå dei som som sit på toppen i BUR heilt ned til klassenivå – er klar over makta og mogelegheitene ein har.

Barne- og ungdomsrådet får tildelt 50 000 kroner i halvåret som dei sjølve deler ut. Då kan skular frå heile kommunen søkje om støtte til ungdomstiltak – anten det er til ekstra fotballar eller eit nytt bordtennisbord.

Bilete av Sjøsanden i Mandal. Foto: Yosh3000/Wikimedia Commons/CC BY-SA 3.0

For å vete kvar skoen trykker er det difor viktig å ha eit skikkeleg system for å prate med barn og unge rundt omkring i Mandal. Skulekontaktane er difor flittige til å hente inn innspel – anten det handlar om ei kunstgrasbane eller leksekvardagen:

– Det er ikkje alltid slik at dei som skrik høgast som har den beste idéen. Vi må ned på klassenivå og ta oss tid til å høyre på alle, og skjønne alvoret i oppgåva vår. Kvart enkelt medlem i barne- og ungdomsrådet er klar over det, forklarar Hunt.

No håpar han den komande storkommunen Nye Lindesnes følgjer Mandalsmoddelen, og grip mogelegheita til å lytte til eit endå breiare nettverk av ungdom som fortel korleis ting er.

Arbeidet held fram

Dei tre ungdomsrådsleiarane Framtida.no har snakka med, er kry av kommunane sine, men meiner arbeidet er langt frå over endå.

I Ulstein er det framleis ungdomar som treng betre kollektivtilbod – korleis skal ein kome seg frå A til B om det ikkje går buss?

Ungdomen som bur i utkantane i Mandal kommune treng fleire fritidsklubbar – det er ikkje nok med den eine i Mandal sentrum.

Og i Bodø held arbeidet fram med å få på plass ei Kulturell tankesmie. I 2024 vert Bodø Europeisk kulturhovudstad, og før den tid vil ungdomsrådet skipe ein møteplass for kulturlivet, der ein kan utveklse idear, låne materiale og utstyr, og skape ting saman.

 

Mange kan nok kjenne seg att i dilemma knytt til det å ta over garden. Her er eit bilete frå Lappegard. Foto: Signe Fuglesteg Luksengard