Éin av ti kommunar er framleis utan ungdomsråd – etterlyser medlemmar

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nicola Natalie V. Furnes er leiar i Bodø ungdomsråd. Heimkommunen Bodø er nominert til årets ungdomskommune 2019 for innsatsen dei gjer for sine unge innbyggjarar. Foto: Andreas Jakobsen

– Barn og unge er veldig aktive, og set premissane for kva tilbod dei vil ha sjølve. Politikarane på si side er gode på å lytte. Det er veldig mange gode krefter i sving i kommunen, seier Nicola Natalie V. Furnes (18) til Framtida.no.

Ho har vore leiar i Bodø ungdomsråd i to år og opplever at arbeidet dei gjer i kommunen er viktig for at barn og unge blir høyrde.

I ei ny undersøking som Framtida.no har gjennomført, svarar 10 prosent av kommunane at dei ikkje har ungdomsråd enno. Men desse har planar om å få det på plass i løpet av hausten.

200 av landets 422 kommunar har svara på undersøkinga.

Dei fleste ungdomsråda fungerer bra, men nokre slit

Eit fleirtal av kommunane svarar at ungdomsråda fungerer bra eller svært bra.

Kring 10 prosent av kommunane slit med å rekruttera medlemmar i ungdomsråda, og då særleg ungdom som går på vidaregåande. Når det ikkje er ein vidaregåande skule i kommunen, er det ofte vanskelegare å få dei med.

Oda Medhus er leiar av Ungdommens fylkesting i Hordaland og medlem av ungdomsrådet i Eidfjord. Foto: Hordaland.no

– Me slit med å få nye medlemmar frå vidaregåande til å stilla i ungdomsrådet, seier Oda Medhus på telefonen til Framtida.no.

Ho er medlem av ungdomsrådet i Eidfjord, og går sjølv på vidaregåande. Ho blei med i ungdomsrådet medan ho gjekk på ungdomsskulen.

– Det er viktig at kommunane tar godt vare på medlemmane som går på ungdomsskulen, for då er det lettare for at dei har lyst til å vera med vidare når dei byrjar på vidaregåande, seier Oda Medhus.

I kommunen hennar blir ungdomsrådet stemt fram av ungdommane sjølve på ungdomsklubben.

Tal i prosent. Respondentane har hatt høve til å krysse av for fleire alternativ.

Lødingen kommune er ein av kommunane som ikkje har ungdomsråd.

Leiar for fellestenesta i Lødingen, Anita Marthinussen, seier til Framtida.no at kommunen har hatt problem med å få ungdom til å stilla. No prøver dei igjen, og har tatt kontakt med dei to skulane i kommunen for å få nokon til å stilla.

Pliktar å følgja opp ungdomsråda

Ifølgje den nye forskrifta om kommunale råd, pliktar alle kommunar å gi tilstrekkeleg sekreteriatshjelp til ungdomsråda.

Likevel er det fleire kommunar der ungdommen må klara seg sjølv eller berre med hjelp frå ein representant frå kommunestyret, ifølgje undersøkinga til Framtida.no.

I ei rundspørjing Kommunal Rapport gjorde i fjor vår, fekk Bømlo kritikk for manglande ressursar og oppfølging av ungdomsrådet.

– Me kjem til å tilsetja ein person i ein 40 prosent stilling til å få ansvaret for ungdomsmedverknad i kommunen. Me håpar det vil gjera at ungdomsrådet blir meir aktive og meir nytta i saker som har å gjera med barn og unge, seier Stian S. Olderkjær som er SLT-koordinator i Bømlo kommune til Framtida.no.

– Viktig med god opplæring

Marit Bjerkås er ungdomsleiar i Melhus kommune. Foto: Melhus kommune

Ungdomsleiar i Meldal kommune, Marit Bjerkås, seier til Framtida.no at det er viktig med ei god opplæring og at ungdomsrådet er sjølvstyrt med god støtte frå kommuneadministrasjonen.

– Det er avgjerande at rådet har ein ansvarleg fra kommunen som kommuniserer godt med ungdommane, motiverer til deltaking på kurs og konferansar og som kan bryta ned og gjera byråkratisk språk forståeleg slik at ungdommen skjønar og forstår politiske papir, seier ho til Framtida.no.

Sjå andre tal frå undersøkinga under:

Tal i prosent

 

Nye reglar for ungdomsråd:

Frå hausten 2019 er kommunane pliktige til å ha ungdomsråd. Den nye forskrifta seier dette om ungdomsråda:

  • skal gjevast tilstrekkeleg sekretariatshjelp.
  • har rett til å uttala seg i alle saker som gjeld ungdom
  • kan ta opp saker på eige initiativ
  • Kommunestyret og fylkestinget skal etablera rutinar som sikrar at råda mottar sakene på eit så tidleg tidspunkt i saksbehandlinga, at uttalane fra råda har høve til å påverka utfallet av saka.
  • Organisasjonar som representerer ungdom har rett til å fremja forslag om medlemmar til ungdomsråda.
  • Kommunestyret og fylkestinget kan gi medlemmar av råda møte- og talerett i folkevalte organ.