Fryktar planane om nasjonalt ungdomsråd blir skrota

Fylkesungdomsråda meiner dei ikkje har blitt inkludert nok i departementets arbeid med ungdomsmedverknad.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

– Dei har valt å sjå vekk frå dette med nasjonalt ungdomsråd, og vi opplevde at dei var svært negative til det, fortel Orkidee Farzehsaeid til Framtida.no.

Framtida.no møter leiaren for Sentralt ungdomsråd i Oslo saman med representantar for dei andre fylkesungdomsråda i lokala til UngOrg i Oslo. I fleire år har nettverket jobba for å etablere eit nasjonalt ungdomsråd, noko Framtida.no har skrive om tidlegare.

Leiarane for fylkesungdomsråda er skuffa over det dei tolkar som ei skroting av planane for å opprette eit slikt organ.

Kompetanseheving

Fylkesleiarnettverket inviterte barne- og familieminister Lene Vågslid (Ap) for å orientere om departementet sitt arbeid med eit nasjonalt ungdomsråd. Farzehsaeid fortel at dei ikkje fekk svar frå ho. I staden fekk dei besøk av ein rådgjevar frå Barne- og familiedepartementet.

Ungdommane hadde forstått det slik at departementet det siste året har hatt ein tilsett som skulle jobbe med oppretting av eit nasjonalt ungdomsråd, fordi det er det dei legg i ungdomsmedverknad. I staden vart dei orienterte om ei kompetanseheving for tilsette i Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) om ungdomsmedverknad.

– Vi synest ikkje det er tilstrekkeleg. Det er utan tvil eit nasjonalt ungdomsråd vi ønsker, seier Jan Sander Gudbrandsen frå Telemark.

Han reagerer spesielt på at det har vore lite ungdomsmedverknad i arbeidet til departementet.

– Vi som kanskje ville vere av dei mest naturlege å spørje, har jo ikkje blitt tatt med i prosessen. Det viser kanskje kor viktig det faktisk er å ha eit nasjonalt ungdomsråd som kan fremje meiningane til ungdommane i sånne store saker, påpeiker han.

Må bli høyrde

– Det er ikkje negativt at ein får meir kompetanse på ungdomsmedverknad på nasjonalt nivå, men for oss er det viktig at ein ser det i samanheng med eit nasjonalt ungdomsråd, understrekar Jonas Uv Værnes frå Trøndelag.

Dei er opptekne av at ungdommane sine stemmer må bli høyrde.

Farzehsaeid frå Oslo fortel at dei spurde kven tiltaka er retta mot, og om det er dei vaksne som skal få kompetanseheving, noko dei fekk stadfesta. Ungdomsrådsleiaren meiner det er bra at det skal bli betre kontakt mellom fylka og dei statlege organa, men fryktar dei ikkje ser behovet for eit nasjonalt ungdomsråd.

– Dei jobbar nesten rundt det vi ønsker.

Ho synest prosessen har vore udemokratisk.

– Det er jo veldig naturleg når dei skal lage ein plan for kompetanseheving hos eit direktorat, at dei då går til leiarane av fylkesungdomsråda eller ungdomsråda, og høyrer om dei synest dette er eit behov og korleis dei synest dette skal bli utarbeidd, men det blei ikkje gjort.

Ikkje ei unnskyldning

– De er jo samla her alle fylkesleiarane. Er det behov for eit nasjonalt ungdomsråd i tillegg til det?

– Ja. Vår jobb er jo i heimfylka våre. Vi er valde av ungdommane i heimfylka våre. Vi har ikkje noko grunnlag for å snakke for Noreg som ein heilskap, svarar Jonas Uv Værnes.

Trøndelagsleiaren synest det blir dumt om ein skal bruke fylkesleiarnettverket som ei unnskyldning for å ikkje ha eit nasjonalt ungdomsråd.

– Vi kan jo ikkje vedta noko. Vi har ikkje noko mandat. Vi har ikkje noko arbeidsprogram.

Han er vidare skuffa over at politikarane tilsynelatande ikkje har brukt rapporten deira om nasjonalt ungdomsråd.

Leiarane av dei fylkeskommunale ungdomsråda leverte i juni 2023 ein rapport med argument for eit nasjonalt ungdomsråd og forslag til samansetning og organisering til dåverande barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).

– Dei har jo ikkje starta på bar bakke. Det har vore eit enormt forarbeid gjort av tidlegare leiarar av fylkesungdomsråda. Det er ein veldig omfattande rapport på opp mot hundre sider som blei overlevert departementet.

– Uakseptabelt

Kva som skjer vidare med arbeidet med eit nasjonalt ungdomsråd, er ikkje dei tre fylkesleiarane Framtida.no snakkar med sikre på, men dei ønsker å følgje det opp.

– Men det er klart at viss det ikkje skjer noko i løpet av dette året her så har det vore fem år med stillstand. Det er uakseptabelt.

Avviser ikkje nasjonalt ungdomsråd

Då Framtida.no skreiv om nasjonalt ungdomsråd i slutten av mars, uttala barne- og familieminister Lene Vågslid (Ap) at eit nasjonalt ungdomsråd kunne vere ein god idé, om det er organisert rett.

Framtida.no har på nytt stilt spørsmål til departementet om korleis dei stiller seg til eit nasjonalt ungdomsråd.

– Idéen om eit nasjonalt ungdomsråd er ikkje lagt vekk frå regjeringa si side. Det kan vere ein god ide. I dag er det fleire medverknadsorgan og meir reell ungdomsmedverknad på alle nivå, men det er nok noko meir sektorvis og fragmentert på statleg nivå. Skal vi ha eit nasjonalt ungdomsråd må det vere organisert på ein god og riktig måte slik at det gjev meir og betre medverknad enn systema som allereie er på plass i dag, uttalar statssekretær Helge Flø Kvamsås (Ap) i ein e-post via kommunikasjonseininga.

Kompetanseheving

Framtida.no har stilt Barne- og familiedepartementet desse spørsmåla:

  • Stemmer det at det har vore ein tilsett som har arbeidd med nasjonalt ungdomsråd?
  • Har de bestemt dykk for å ikkje opprette eit nasjonalt ungdomsråd?
  • Kva er denne kompetansehevinga ungdommane snakkar om som kjem i staden?
  • Korleis har de brukt rapporten frå ungdomsråda?

Statssekretæren svarar ikkje på kor vidt dei har brukt rapporten til ungdomsråda eller om det har blitt arbeidd med eit nasjonalt ungdomsråd.
Han viser til at Arbeiderparti-regjeringa nyleg la fram oppvekstmeldinga, og seier at dei vil tydeleggjere og vidareutvikle Bufdir som kompetansemiljø for barn og unges medverknad.

Statssekretær Helge Flø Kvamsås (Ap). | Foto: Astrid Waller/regjeringa

– Dette er eit viktig steg framover for å styrke barn og ungdom sin rett til å medverke i Noreg. Kompetansemiljøet skal mellom anna bidra til kompetanseheving, gi faglege råd, betre strukturar og eit meir heilskapleg perspektiv hos statlege styresmakter, kommunar og fylkeskommunar og relevante aktørar på barne- og ungdomsfeltet.

I januar 2023 hadde departementet ifølgje Kvamsås eit innspelsmøte om medverknaden til barn og unge. Eitt av innspela som vart løfta fram, var behovet for ei styrking av kompetanse og ressursar for medverknaden til barn og unge på systemnivå.

– Det blei sidan etablert ei eittårig prosjektstilling for å styrkja arbeidet med barns medverknad på systemnivå og greia ut rammene for eit kompetansemiljø for medverknad frå barn og unge på systemnivå.

– Skal bli betre

Framtida.no har spurt departementet om korleis dei stiller seg til kritikken om at dei ikkje har involvert ungdommane nok.

Statssekretær Kvamsås uttalar at det er ein føresetnad at barn og unge har fått medverke i saker som gjeld dei.

– Her blir regjeringa, departementa og direktorata stadig betre, men vi må og skal bli endå betre. Vi tek innspela frå ungdom på alvor og tek dei med oss vidare.

Kvamsås skriv at barne- og familieministeren og departementet har faste dialogmøte med ungdomsorganisasjonane og med dei fylkeskommunale ungdomsråda. Innspela dei får er viktige grunnlag for politikken dei utviklar.