Dette er «Årets ungdomskommune 2019»
Frå og med 2020 er Mandal kommune historie, men før samanslåinga får sørlandskommunen pris for ungdomsarbeidet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Kommunen jobbar godt for å førebyggje at ungdom fell utanfor, og har skapt ein kultur for å høyre kva ungdom har å seie, ta dei på alvor og la dei få erfare demokrati i praksis.
Det sa barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) ifølgje NTB då han måndag delte ut prisen «Årets ungdomskommune 2019» til Mandal.
Juryen, som vart leia av Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU), meiner kommunen skil seg ut med sitt langvarige og heilskaplege arbeid for å sikre at ungdom vert høyrde.
Prisen vart delt ut under Ungdomskonferansen i Oslo, og representantane frå Mandal kommune tek med seg premiepengane på 250 000 kroner heim. Dei andre nominerte kommunane var Vefsn, Bodø og Ulstein.
Ein siste siger før kommunesamanslåinga
– Det er litt i beinmargen på politikarane no, at dei skal høyre på kva vi har å seie når vi står på talarstolen, sa Håkon Hunt til Framtida.no førre veke.
Han er nyvald leiar i Nye Lindesnes barne- og ungdomsråd. Frå årsskifte går Mandal kommune saman med Marnardal og Lindesnes i ein ny storkommune.
Håkon Hunt kunne fortelje at ungdomsrådet i dag har både møterett, talerett og forslagsrett i kommunestyre i Mandal.
Det er resultatet av ein langvarig prosess med etablere eit ungdomsråd som vågar å ta plass, og vert lytta til når dei tek ordet.
No håpar Hunt den nye storkommunen vel å følgje «Mandalsmodellen», og vidarefører arbeidet med å inkludere ungdom.
- Les også saka der ungdomsrådsleiarane forklarar korleis deira kommune når fram til ungdomane: – Barn og unge er veldig aktive, og set premissane for kva tilbod dei vil ha sjølve.