TV-aksjonen har fått inn 220 millionar kroner

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Klokka 23.40 søndag kveld var det klart at det hadde vorte samla inn 220 millionar kroner over heile landet, ifølgje TV-aksjonen.

Svalbard på topp

– I dag har heile Noreg opna både hjarte og lommebøker. Eg er så takknemleg og rørt, seier Gry Larsen, generalsekretær i CARE i ei pressemelding.

I alt 100.000 bøsseberarar over heile landet har samla inn pengar gjennom dagen. I gjennomsnitt har kvar av dei 5,3 millionar innbyggarane Noreg gitt 41,34 kroner.

Bebuarane på Svalbard var heilt i særstilling blant dei som gav mest med eit gjennomsnitt på 420 kroner kvar. På andreplass kom Utsira i Rogaland med 337 kroner, viser TV-aksjonens eigen oversikt.

I tillegg kjem det inn bidrag og gåver frå kommunar, næringsliv og organisasjonar.

Lærer opp kvinner

Pengane frå årets aksjon går til kvinnerettar i ni land: Niger, Mali, Kongo, Burundi, Rwanda, Myanmar, Afghanistan, Jordan og Palestina.

Årets slagord er «Nå er det hennes tur». Pengane som blir samla inn, skal gi 400.000 kvinner opplæring i å starte eiga bedrift, spare og låne pengar for å få eiga inntekt.

Kvinnene skal òg få opplæring i retten til å bestemme over eigen kropp.

– Resultatet av TV-aksjonen vil bety enormt mykje for kvar einaste ein av dei kvinnene som no får moglegheit tene sine eigne pengar, bestemme over eigen kropp og få stemma si høyrt, seier Larsen.

Dei har drukke urin, tatovert seg og ofra håret for ei god sak. Desse stunta hugsar vi best frå P3-aksjonen:

Alle bilete: Skjermdumpar frå NRK P3 sin YouTube-kanal. Collage: Framtida.no

Den største dugnaden i verda

Trioen Robert Stoltenberg, Ingrid Gjessing Linhave og Mikkel Niva leidde sendinga for årets TV-aksjon på NRK søndag kveld. Dronning Sonja er den høge vernaren om TV-aksjonen og gjesta sendinga frå Oslo rådhus.

I starten av oktober besøkte dronninga òg frivillige på Tøyen som mobiliserte fram mot aksjonen.

TV-aksjonen har vorte arrangert av NRK ein søndag i oktober kvart år sidan 1974. Aksjonen er den største i verda målt i innsamla kroner per hovud og talet på frivillige. Fjorårets aksjon, som gjekk til Kirkens Bymisjon, fekk inn totalt 257 millionar kroner.

Ingrid Gjessing Linhave er ein av tre programleiarar under årets TV-aksjon. Foto: Erik Burås/NRK.