Unge Høgre vil kutta i bistand som ikkje går til Ukraina: – Kynisk
Miljø- og bistandsorganisasjonen Spire kritiserer Unge Høgre-forslag om bistand for å vera usolidarisk og kolonialistisk.

– Dette er heilt ufatteleg kynisk og usolidarisk. At Unge Høgre går i bresjen for bistandskutt er ei skam, seier Spire-leiar Elise Åsnes i ei pressemelding via e-post.
Ho reagerer på eit forslag frå Unge Høgre og Finnmark Høgre, som vil «redusera bistandsnivået som ikkje går til Ukraina».
– Ukraina er det viktigaste
Leiar i Finnmark Unge Høgre, Leander Svea, ser fram til eit bra landsmøte der dei skal vedta god politikk og forsvarar omfordelinga av bistandsmidlar.
– Ukraina er kanskje den viktigaste konflikten for Noreg og Europa akkurat no, seier Svea på telefon til Framtida.no.
Han peikar på at Europa er avhengige av at Ukraina får varig fred og ei langsiktig løysing, og at det vil vera behov for å byggja opp landet på nytt og hjelpa dei på veg mot eit EU-medlemskap.
– Me må rett og slett prioritera det viktigaste akkurat no og Ukraina er det viktigaste for Noreg akkurat no, understrekar han.
Bistandskontroll
Unge Høgre-politikaren frå Finnmark meiner at Noreg kan bruka bistanden sin på ein meir effektiv måte og viser til døme på at norsk bistand ikkje har gått til det det skulle. Eit eksempel er Kirkens Nødhjelp som har vorte svindla for 10 millionar norske kroner i samband med eit prosjekt som skulle gje unge i Somalia yrkesutdanning.
PST vart kopla på saka på oppmoding frå Norad, som har vore kritiske til Kirkens Nødhjelp si handsaming av saka.
Svea meiner Høgre i regjering gjorde eit viktig grep då dåverande utviklingsminister Nikolai Astrup sette i gang arbeidet med ei nettside som skulle visa resultata av norsk bistand.
Svea reagerer i likskap med Astrup på at berre 34 av dei 1900 registrerte prosjekta har vist resultatinformasjon.
– I 2023 gav me 58,6 milliardar. Då er det viktig at me ser resultat av det. Ikkje alle er like gode å loggføra ope og ærleg, seier Svea.
– Må prioritera meir kynisk
Han tek kritikken om at forslaget er kynisk med stor ro.
– No handlar det om å prioritera hardt. Me har ikkje uendeleg med ressursar i Noreg. Me har eit stort bistandsbudsjett. Både Unge Høgre og Høgre er for eit stort bistandsbudsjett, men me må prioritera meir kynisk, seier Svea.
Han viser til den politiske situasjonen i verda, og at me må auka forsvarsbudsjetta våre.
– Men er de for å framleis bruka 1 prosent av BNI (brutto nasjonalinntekt) på bistand?
– Unge Høgre vil senka bistandsbudsjettet til FN sitt mål om 0,7 prosent av BNI, men har ikkje lagt fram eit forslag på det, svarar Svea.
– Kolonialisme
Miljø- og bistandsorganisasjonen Spire reagerer òg på at Unge Høgre føreslår eit vestleg samarbeid om å bidra til at bistandsmidlane demmer opp for påverknad frå land som utgjer ein geopolitisk risiko i strategiske område. Spire er sterkt kritiske til å bruka bistand som eit verktøy for norske eigeninteresser.
– Det er rein kolonialisme. Bistanden skal ikkje vera eit verktøy for utanrikspolitisk kontroll og påverknad. Unge Høgre vidarefører utdaterte idear om at Vesten veit best, seier Åsnes.
Svea avviser at forslaget er kolonialistisk.
– Me driv ikkje med noko kolonisering av afrikanske land. Målet med norsk bistand er å hjelpe folk i naud. Uansett korleis ein ser på det er Vesten best på å gje bistandsmidlar, og det skal me vera framover òg.
Geopolitisk spel frå Kina
Han peikar på at Kina er eit autoritært regime som bruker sine utviklingsmidlar aktivt i eit geopolitisk spel.
– Mange afrikanske og asiatiske land har ei ganske stor gjeld til Kina. Kina kjem til å bruka dette i eit geopolitisk spel, seier Svea.
Han er uroa for at Vesten tapar terreng for autoritære regime, og meiner FN eller andre instansar må på banen for å støtta opp om ei regelstyrt verd.
– Kina gjev ikkje bistand fordi dei er godhjarta. Dei er eit autoritært regime som speler eit maktspel. Når dei byggjer jernbane i Afrika er det ikkje berre naudhjelp, men eit stort geopolitisk spel der Vesten taper.