I ti år har NRK P3 stilt med maratonsendingar i oppkøyring til den årlege TV-aksjonen. Det har ført til mange kroner og mange gode augeblink.

For å varme opp til den årlege TV-aksjonen har NRK P3 i ti år hatt maratonsendingar til stor glede for lyttarane, og skrekkblanda fryd for programleiarane. Kva lyt dei utsette seg sjølve for denne gongen, for å få nordmenn til å opne lommeboka?

Det starta med ei 72-timars radiosending i 2009. No er dei på lufta i heile 100 timar i strekk. For kvar innsamlings-milepåle lyt ein av programleiarane gjere noko drastisk – anten det er å ete 13 pølser på rappen, eller undergå ein makeover til klovnen frå skrekkfilmen It.

Di meir utrulege stunta vert, di meir laust sit pengane: I 2009 samla maratonsendinga inn 266 000 kroner, i fjor samla dei inn heile 7 841 986 kroner.

Dette er augeblinka Framtida.no-redaksjonen hugsar best:

Drikk sitt eige urin: – Oi, dette var ein ganske skarp ettersmak

Silje Nordnes, Ronny Brede Aase og Niklas Baarlie laut i 2014 drikke sin eigen (reinsa!) urin.

Ronny vil nok ikkje byte ut fredagstacoen med det første, men han sleit ikkje like mykje som Niklas.

Silje får good times-tattovering

I 2013 måtte Live Nelvik kose med ein tarantella, men dei traumen er nok ikkje like varige som Silje Nordnes sitt offer for det årets TV-aksjon.

Det er good times for alltid.

Silje og Mathias prøver seg som bønder: – AU, den beit på ekte

Det er godt Mathias Nylenna og Silje Nordnes har vist kva dei dug til i radioverda, for ingen av dei kan falle tilbake på bondeyrket.

Sitat frå Mathias, som vel oppsummerer det heile:

– Nei, nei, nei, neheiii, nei, nei, nei, nei, neiiii.

Niklas får munkesveis: #BroderBaarlie

Utfordringane fører ofte til at P3 lyt alliere seg med frisørar. Silje har fått lilla hår, Vida Lill Berge har både fått regnbogedreads og vorte skalla, og Tuva Fellmann har fått permanent.

For Niklas Baarlie sin del, så ende han opp med spraytan og ein sveis som nok har gått litt av moten:

Ronny og Tuva får goth makeover: – Faen, eg kjem til å sjå gal ut

Det tikka inn med pengar til P3-aksjonen i 2017, og jubelen i studioet stod i taket då det vart klart at radioparet Ronny Brede Aase og Tuva Fellmann laut verte goth.

Vel, ikkje alle var like fornøgde:

– Det er veldig hyggeleg med så mykje pengar, men faen eg kjem til å sjå gal ut. Eg orkar ikkje å sjå gal ut, sa ei gråtkvalt Tuva Fellmann.

Lystgass-utfordring: – Ikkje lov å le!

Med lystgass-slangar strappa til fjeset, og vitseark i handa, skulle Ronny, Tuva, Niklas og Vida Lill sjå kor lenge dei klarte halde latteren tilbake.

Plottblottar: Ikkje lenge.

Tek du denne vitsen: Kvifor ligg gamleheimane ved sjøen?

Markus må ta piercing: – Er vi gjennom brystvorta?

Markus Nesby kom inn som programleiar i P3-aksjonen i 2018. Skal tru om han angra, då han fann ut at han laut ta ikkje ein, ikkje to, men TRE piercingar?

Etter glosene som kom ramlande ut av munnen hans å dømme, var dette ikkje ein draum som omsider gjekk i oppfylling:

– Vi er gjennom? Vi er gjennom. Åh, der er det hol?! No såg eg på brystvorta mi, og det er så stygt!

Adelina vert Donald Trump: – Du ser ikkje ut, jenta mi.

Eit av dei store høgdepunkta i ti år med utfordringar og elleville påfunn, er då Adelina Ibishi i fjor vart forvandla til Donald Trump.

Adelina skalv då forvandlinga tok til, og då ho såg resultatet søkk ho til knea, og spurde:

– Kva er det de har gjort mot meg?

Men det var få støttande ord å få frå medprogramleiarane hennar:

– Du ser ikkje ut, jenta mi. Eg er så lei meg på dine vegner, sa Vida Lill.

Ronnywise:  – Verdas koselegaste fyr, har vorte verdas verste type

I år måtte Ronny Brede Aasen i elden igjen. Denne gongen skulle han få overhaling frå topp til tå, og verte gjort om til karakteren Pennywise frå skrekkfilmen It.

Førdianaren gjekk gjennom mange stadium i forvandlinga: Frå ein liten Herman Flesvig, via Asgeir Borgemoen, til Ronnywise.

Markus Neby grøssa då Ronny kom mot han:

– Verdas koselegaste fyr, har vorte verdas verst type, kom det frå Neby.

 

Stem på kva som er din favoritt, då!

Kva er ditt favoritt-stunt frå P3-aksjonen?

Kva er ditt favoritt-stunt frå P3-aksjonen?

Då dei måtte drikke tiss 🤢1
Good times-tattis, sjølvsagt 🙌7
Silje og Mathias som (tafatte) bønder 🐖🐖🐖1
#BroderBaarlie får munkesveis 👴12
Ronny og Tuva vert goth🖤4
Ler meg skakk av lystgass 😂6
Pierca Markus piercar hjarte mitt. 💘4
Adelina Trump, for alltid. 💯8
Ronnywise, vel! 🤡10
Eit anna eit. 🤳7
Svar totalt: 60

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE