Då eg var 20: Ingrid Gjessing Linhave lét som ho var prinsessa av Noreg

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 21.10.2019 08:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Som 27-åring fekk Ingrid Gjessing Linhave sitt store gjennombrot på fjernsyn, då ho var programleiar i andre sesong av Idol saman med Solveig Kloppen.

Sidan dess har Linhave vore aktiv både på radiobølgjene og i TV-ruta.

Søndag dukkar ho igjen opp på NRK i beste sendetid, då som programleiar for årets TV-aksjon. Saman med Mikkel Niva og Robert Stoltenberg skal Linhave ljose sjåarane gjennom kvelden, i håp om å samle inn mest mogeleg pengar til organisasjonen CARE. Bistandsorganisasjonen hjelper kvinner i utviklingsland starte bedrifter, tene sine eigne pengar, og verte ei tydeleg stemme i lokalsamfunnet sitt.

Då Ingrid Gjessing Linhave var 20 år oppfylte ho draumen om å sjå Europa frå togsetet, samstundes som ho gav slepp på ein annan draum.

Kor var du då du var 20?

Eg gjekk på Blindern og tok ex.phil og lurte noko innmari på kva eg skulle gjere med livet mitt. Var med i ei improteatergruppe, las bittelitt pensum og arbeidde som lærarvikar.

Hadde det ganske bra og ganske kjipt på ein gong.

Korleis var kvardagen/kva gjorde du?

Eg var i Oslo og budde heime hjå foreldrene mine.

Eigentleg var eg i gong med studie for å verte skodespelar på Paul McCartney-skulen i Liverpool, men hadde ved juletider det året fått permisjon, for eg elska skulen, men fann meg berre ikkje tilrette sosialt.

Eg sleit med ein heimlengsel som heldt meg vaken om natta, og ein sjenanse som gjorde at eg aldri sa eit pip i friminutta.

No klarar eg ikkje heilt å skjøne at ting var så heilsvart, men det var verkeleg det. Eg følte meg heilt lost.

Hugsar du kva som skjedde det året?

Det året døydde Lady Diana. Eg flytta til Liverpool berre nokre dagar etterpå, og eg hugsa det var eit land i sorg. Utruleg spesiell stemning.

Og så trur eg Spice Girls var annankvar låt på radio. Og så var det eit år kor alle damer som «vart ny» i KK fekk raudskjær i håret. For eg prøvde det sjølv, og det var ikkje vellukka.

Det var eit blomsterhav utanfor Kensington Palace etter prinsesse Diana dø. Foto: Maxwell Hamilton/Wikimedia Commons/CC BY 2.0

Kva las du/såg du på/lytta du til?

Eg hugsar eg høyrde mykje på Sting. Og så var det jo Spice Girls då. Eg trur også det var mykje Michael Jackson.

Hugsar du 20-årsdagen din?

Ja, eg var på interrail og dagen vart feira på discotek i Kroatia kor kompisen min lurte dei til å tru at eg var prinsessa av Noreg, og eg fekk gratis drink.

Er ikkje så sikker på om dei trudde på oss.

Eg hugsar interrailgjengen min hadde spleisa på ein nydeleg fotsid kvit linkjole, og sa på ein fin måte at «eg behøvde litt jenteklede». For eg hadde mykje arva klede frå brørne mine.

Kva er det sterkaste minnet frå då du var 20?

Det trur eg må vere interrail.

Det var ein draum å sjå Europa med tog, noko eg hadde drøymt om i sju år for søstera mi hadde gjort det då ho var på same alder. Vi var 6 stykk som var avgarde i ein månad og det verka heilt fantastisk.

Og eg hugsar særleg Cinque Terre gjorde inntrykk, landsbyar som klamrar seg til den norditalienske kysten, berre bundne til kvarandre ved hjelp av tog eller sti.

Cinque terre i Italia. Foto: Pixabay.com

Visste du kva du skulle bli i livet?

Ja, innerst inne drøymde eg om å verte skodespelar. Men eg merka jo at det tærte litt på å vere «sprudlande og utåtvend» og at sjølvtilliten ikkje spelte heilt på lag.

Så eg følte vel allereie då at draumen falma litt, og eg tenkte: Orkar eg?

Men ei venninne sa at eg burde studere på Lillehammer for «der var det så hyggeleg og godt miljø», så eg hadde vel ein idé om at kunne finne andre vegar å gå.

Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?

Eg var ei blanding av sprudlande og glad, og veldig bekymra og engsteleg.

Og slik er eg vel framleis. Eg har ein fantasi som kan ta meg inn i morosame tankebaner, men som også kan få meg langt ned.

Eg hugsar eg syntest det var vanskeleg å nyte livet. At det var for mykje å bekymre seg for.

Og at eg trudde at alle andre hadde det så forbaska gøy, at det berre var eg som var litt full av tankar.

Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

Hm, eg trur eg ville likt meg sjølv, men kanskje brukt litt tid på å forstå kven eg var.

Og så trur eg at eg ville ledd veldig høgt av dei same tinga, og grine høgt av dei same tinga.

Kjenslespekteret mitt er ganske likt då som no.

Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

Hald ut, nei du kler ikkje piggsveis, ja du er bra nok, ikkje la folk kalle deg Ingvild ein heil sommar i sommarjobben, våg å ta sopass plass at du seier at Ingrid er namnet ditt, og gled deg: for livet kjem til å bli ganske så bra.

Og ikkje minst: Gled deg til å møte mannen i ditt liv, og dei to fantastiske jentene du ein gong skal få. Dei er heilt rå!

Foto til venstre: Skjermdump frå Påskenøtter på NRK. Foto til venstre: Privat.