Ekspertintervjuet: Kan vi ete algar?

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Intervjuet stod først publisert hjå Energi og Klima. Teksten er sett om til nynorsk og publisert på Framtida.no med løyve frå forfattaren. 

Produksjon av biodrivstoff som kan erstatte fossil olje og gass, og planting av skog som kan fange CO2, vil legge beslag på store landareal i verda. Om vi ikkje sluttar å kaste så mykje mat, må også verdas matproduksjon aukast.

Løysinga på plassmangelen finst til havs, meiner professor Margareth Øverland, som er senterleiar for forskingssenteret Foods of Norway ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU).

– Ja, om vi tek i bruk havalgar til dyrefôr kan vi produsere store mengder biomasse – veldig raskt – utan å legge beslag på landareal, seier ho.

– I Noreg veks havalgar, eller tare, på djupare vatn enn den boblete grisetangen som vi finn langs land i fjæresona. Havalgane kan både haustast og dyrkast av menneske.

Margareth Øverland – professor i ernæring, Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU). Øverland er tilsett ved Fakultet for biovitenskap og arbeider til dagleg som senterleiar for forskingssenteret Foods of Norway ved NMBU. Foto: Foto: Gisle Bjørneby/NMBU

Dyrkar tare

I Foods of Norway testar dei ut bruk av tare som er dyrka av partnar Seaweed Energy Solutions (SES). Taren vert dyrka fram frå små sporer som blir produserte i laboratorium.

– Desse vert festa på små tau som vert surra rundt større taustrukturar,, som så vert sette ut i sjøen. Dette skjer oftast i februar, og to-tre månadar seinare kan ein hauste store, ferdigvaksne algar, seier professoren.

– Det finst mange typar algar, kva har du mest tru på?

– I Foods of Norway jobbar vi mest med sukkertare. Den veks mykje raskere enn plantar på landjorda og trivst i det kalde vatnet langs den langstrakte norskekysten. Den har også gunstig effekt på miljøet, fordi den bind og resirkulerer næringsstoff frå lakseoppdrettsnæringa og fangar COi sjøen.

– Verda slepp ut altfor mykje klimagassar, det fører til høgare nivå av CO2 og dimed også lågare ph i havet (havforsuring). Taredyrking kan bidra til å motverke desse negative miljøeffektane.

– Kvifor vert den brukt så lite? 

– Sukkertaren inneheld ei rekke stoff som har gunstig helseeffekt, men den har lågare næringsverdi enn fôr frå landbruket. Difor brukar vi no nye metodar for å auke næringsverdien.

Ved hjelp av enzym bryt dei ned taren til sukker og andre næringsstoff  som dei kan bruke til å produsere proteinrikt gjærmel. Dei hentar også ut helsefremjande stoff frå tarebiomassen.

Må gjerast lønsamt

– Vi håpar at fôr basert på tare og stoffa som vi hentar ut frå taren, gir dyra både næring og god helse. Lukkast vi med det, blir taren meir verdifull og forhåpentlegvis meir interessant reint kommersielt, seier forskaren.

– Men for at taredyrking skal bli lønnsamt, må vi utnytte heile biomassen til ei rekke produkt og bruksområde for å sikre grunnlag for ein ny tareindustri i Norge.

Ho fortel at det er trong for målretta forsking og eit nært samarbeid mellom fleire forskingsmiljø, både i Noreg og internasjonalt, og forsking tek tid.

– Vi treng også investeringskapital, realistiske businessplanar og effektive marknadskanalar slik at produktet finn sin kjøpar.

– Ei klimaløysing i seg sjølv

Øverland fortel at taren er gunstig i eit klimaperspektiv, fordi den som nemnt ikkje konkurrerer om plassen til å dyrke menneskemat. Den kan dyrkast i sjøvatn og krev verken ferskvatn eller mineralgjødsel.

– Sånn sett er den ei klimaløysing i seg sjølv og eit av svara på utfordringa med å ha nok landareal. Vi trur også at det å ete tare kan påverke metanproduksjonen i vomma til drøvtyggjarar, noko vi ynskjer å undersøke nærare. Alt i alt kan tare brukast i dyrefôr som har ein positiv effekt på norsk matproduksjon, samtidig som den reduserer klimautslepp.

Menneskemat?

– Kva med tare som mat for menneske?

– Eg har ete algar i mange variantar. Tare har jamt over ein veldig god smak, er frisk og spanande og full av antioksidantar, mineral og vitaminar. Tare kan i framtida absolutt ha ein plass på folk sin middagstallerken.

Ho fortel at i si naturlege form har brune algar, som sukkertare, låg næringsverdi for både menneske og husdyr.

– I første omgong meiner vi at algar har stor verdi som dyrefôr, dersom den vert foredla ved bruk av ny teknologi. Til fôrproduksjon trengst det store volum, noko som gir høve for vekst i denne næringa.

– Kan klare oss betre når klimaendringane påverkar matproduksjonen

Ho fortel at i tidlegare tider, var tang og tare ein verdifull ressurs som mat til dyr og menneske. I dag importerer vi mykje menneskemat og dyrefôr frå andre land.

– Om vi igjen tek i bruk algane, kan vi auke sjølvforsyningsgraden vår. Då blir vi mindre sårbare for politisk ustabilitet i dei landa vi importerer frå i dag. Vi vil også klare oss betre nå når klimaendringane har begynt å påverke verdas moglegheit til å produsere mat, seier professoren.