Surt hav er ikkje sexy

Idun A. Husabø, Forskar og kommunikasjonsansvarleg i Noradapt, Vestlandsforsking
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Kronikken stod først publisert hjå Forskning.no og er gjengjeven med løyve frå forfattaren.

Den som kom på å kalle klimaendringane eit gjenstridig problem, var inne på noko vesentleg. Denne kjempepakken av potensielle truslar og uoppretteleg skade er så uhandgripeleg, ikkje minst fordi det er år eller tiår att til konsekvensane rammar oss.

Det verste kjem heller ikkje til å skje nær oss. Avstanden i tid og rom gjer det enkelt å stikke hovudet i sanden. Du er ikkje åleine om du prioriterer siste nytt om sjaman Durek framfor oppdateringar frå FNs klimapanel.

I glimt oppfattar vi likevel nærværet av eit djupt alvor. Som når Storbritannia, eller for den del Hedmark fylkeskommune, erklærer klimakrise, eller når Greta Thunberg snakkar om situasjonen vi står i som «eit brennande hus». Visst kjenner vi det òg i magen ved synet av den ikoniske isbjørnen omgitt av det som må vere litt for lite is.

Lurer du på korleis tap i naturmangfald og klimaendringar heng saman? Her får du svar, og meir til. 

Havforsuringa har ingen kval med magen full av plast

Tenk deg at du som forskar jobbar med nok eit vanvitig problem som er i ferd med å sige inn over det allereie plaga tilværet vårt. Også dette problemet smakar av undergang, og det ligg fram i tid. Vi snakkar om havforsuring, av enkelte kalla «klimaendringane sin tvilling», ettersom opphavet er likt: menneskeskapte utslepp av karbondioksid, som enkelt sagt får pH-en i havet til å krype nedover. Resultatet er surare hav, som med tida får alvorlege følgjer både for dei som lever i og av havet. I arbeidet med dette temaet har eg teke meg i å skrive setningar som «I 2050 vil pH-en i hava våre vere lågare enn på 25 millionar år». Det burde vere enkelt å rope varsko, men det er det ikkje.

Det burde vere enkelt å rope varsko, men det er det ikkje

Havforsuring som forskingsområde har dessverre ingen «plastkval» som med sin tragiske død kan vekke kollektiv harme og utløyse folkeleg plastplukking på stranda. Vi har ikkje klimaproblemets isbjørn som med si kvite uskuld får oss til å kjenne på sorg eller skam.

Rett nok har vi fargesterke nærbilete av den skjøre, vakre vengesniglen flugeåte (Limacina retroversa på latin), ein av dei første planktonartane som vil får vanskar med å byggje skal fordi havvatnet er for surt. Slik kanarifuglane i kolgruvene ein gong varsla arbeidarane om at lufta var full av død, vil bortfallet av den vesle skapningen bere bod om farleg forsuring. Med mindre plankton slit både sild og laks. Men vengesnigelens varsla undergang er ikkje nok.

Les også: VG promoterer reiser til Japan, Amazonas og Antarktis: – Perverst, meiner MDG-profil

Snakka med dei som blir påvirka, ikkje media

Dei siste tre åra har Vestlandsforsking leidd eit forskingsprosjekt om forsuring av hava. Alt då vi planla prosjektet, visste vi at vegen til den nasjonale dagsordenen var lang; det kan lett gå år mellom kvar gong ein fiskeriminister tek ordet «havforsuring» i sin munn. Det er få som lar seg opphisse over forsiktige anslag om at forsuring kan redusere torskebestanden om 40 år.

I mangel på plastkval og isbjørn måtte vi velje ein annan, steinete omveg: via dialog med dei som «har skoa på». Det er dette Norges forskingsråd kallar «brukarinvolvering». Sett på spissen handlar det om å skape ein arena der forskarane kan vere sikre på å bli lytta til, og der nokon utanfrå er med på å drøfte problemstillingar.

Kven er så brukarane? I vårt tilfelle representantar for oppdrettsselskap, fiskeri og fleire offentlege verksemder. I praksis inneber dette omfattande telefon- og e-postarbeid, for i dei fleste næringar skal det mykje til å prioritere det usynlege og framtidige framfor handfaste spørsmål av i dag. I dei to områda vi tok for oss i prosjektet, Kvinnheradsfjorden i Sunnhordland og Buksnesfjorden i Lofoten, fekk vi likevel tromma saman til møte der alle leirar var representerte. Endeleg kunne vi gjere oss klare til å møte eit interessert publikum og drøfte korleis ein bør ta omsyn til havforsuring i forvaltninga av fjordar og kyst.

Sjå video frå då Extinction Rebellion blokkerte inngangen til Klima- og miljødepartementet: – Me driv framleis politisk kjekling om det er naudsynt å gjere ein innsats. 

Kan kjennast bitterleg mislukka

Når nokon utanfrå skal innlemmast i forskingsprosessen, slik vi la opp til, gjeld det først å auke kunnskapen om det naturvitskaplege grunnlaget slik at alle sit med den same innsikta. På forskarspråk: «levelling the playing field».

Først når alle i rommet sit med den same forståinga, kjem tida for diskusjon. Håpet er at alle kan bidra med noko ut frå sin eigen ståstad og stilling. På desse møta har vi sett gode idéar blir fødde, og i dei beste stundene sprett folk opp frå stolane og bøyer seg raudkinna over kart i lag. For kva skjer med gyteområda i denne grunne fjordarmen viss fjordvatnet blir surare? Og kan vasskvaliteten her og her bli for låg for oppdrett? Nye, viktige spørsmål kjem til overflata når ein held eit gitt framtidsbilete opp mot sitt eige nærmiljø eller det ein jobbar med.

Havforsuring som forskingsområde har dessverre ingen «plastkval»

På dei tyngre dagane kan forsøk på å byggje ny kunnskap i møteform kjennast bitterleg mislukka. Som då berre fem fann vegen til eit folkemøte i Lofoten, trass i at det førre møtet trekte fulle hus. Kanskje let dei seg ikkje pirre av tematikken, eller kanskje det kom ein landskamp i vegen; eit folkemøte nummer to vart det uansett aldri.

Ein junidag for tre år sidan møtte vi fram på rådhuset i ei vestlandsbygd på sitt aller vakraste, fire forskarar som såg fram til å drøfte havforsuring med ei lang liste med folk. Vi skjønte først at noko hadde gått skeis då kystfiskar-representanten ringde før møtet og beklaga at han ikkje kunne stille; han måtte ut på eit hasteoppdrag.

Få minutt etter møtestart unnskyldte også rådmannen seg – han måtte handtere ei uheldig hending. Etter kvart fekk vi heile historia: I løpet av natta hadde 33.000 slakteklare oppdrettslaks rømt frå eit lokalt anlegg. Rømlingane sumde no fritt rundt i fjorden. Hendinga la òg ein dempar på kapasiteten til kommunikasjonssjefen i det uheldige oppdrettsselskapet – ein av fire som faktisk møtte fram.

Då vi noko slukøyra tråkla oss heimover langs case-fjorden den ettermiddagen, summa det i påhengsmotorar ute på fjorden. Det var fritt fiske og hundrelappar i handa for kvar fanga laks. Havforsuringa fekk vente.

Les også om korleis betre språk kan redde klima: – Ordet klimaendringarkan faktisk redusere engasjement

Vi kan gjere noko med havforsuring

Enkelte vil innvende at forsking som dette må ha lite for seg. Kvifor bruke dyrebare forskingskroner på å drøfte eit problem det uansett er vanskeleg å finne løysingar på? Hava kan jo ikkje akkurat kalkast, som i den sure nedbørens dagar, og kutt i CO2-utslepp er som kjent eit langt lerret å bleike.

Men lokalt går det går an å bøte på problemet, til dømes ved å minimere all anna forureining. Desse tiltaka må tenkast ut og tilpassast til kvar stad. Prosjektet vårt har òg sett gryande lokalt omsyn til forsuring. I det eine området vi studerte, har kunnskapen om surare hav fått kommunen til å tenke nytt om eit planlagt reinseanlegg. Elles har vårt avgrensa prosjekt – med god hjelp frå utsida av akademia – gjort det tydeleg akkurat kva for instansar som må starte med å jobbe mot forsuring.

Fordi Norge har slutta seg til EU-direktivet om vatn, er kvar bit av norgeskartet delt inn i vassområde som har lokale forvaltarar. Fordi dei er pålagt å jobbe for at alt vatn held høg nok kvalitet, meiner vi at forsuring bør hamne på deira bord. Dermed har vi ein stad å begynne.

Les også om kvifor Arendal har sykkelgodtgjersle og elbil-pool: – Me skal bli den første klimanøytrale kommunen i Norge! 

Kan gjere giftalgane enda giftigare

Heldigvis kan ting endre seg. Dagsordenar endrar seg. I midten av mai gjorde ein liten giftalge seg gjeldande i nordnorske laksemerdar. Ved eit skrivebord i Sogndal sat leiaren for forskingsprosjektet vårt og la siste hand på ein forskingskronikk.

Lokalt går det går an å bøte på problemet

Å flette giftalgane frå avisframsidene inn i teksten fall naturleg; slike episodar vil bli endå verre med havforsuring, for med lågare pH blir algane endå giftigare for fisken. Kronikken sigla rett inn i riksavisa sine spaltar. Like etter, på radio og nett. Dette var i mai, og i juni vart havforsuring omtalt av ein radiodebattant som ein av dei største truslane vi står overfor.

Forsuringas «five minutes of fame» gav oss ei ny lekse i kommunikasjon: Det som er like effektivt som å treffe folks følelsar for å bli lytta til, er å vise til milliardtap i ei vekstnæring som fiskeoppdrett. For dei kan komme – om nokre tiår.

Les også om ungdomsskuleelevane som vil revolusjonere skipsfarten: – Har fått tilbake håpet om at verda kan reddast

Ungdommane fekk møta statsminister Erna Solberg under Stordkonferansen. Foto: Peter Tubaas, Stordkonferansen