ANNONSE
ANNONSE
Framsida SAMFUNN NAV-rapport: Nye AAP-reglar har ført til at fleire går på sosialstønad

NAV-rapport: Nye AAP-reglar har ført til at fleire går på sosialstønad

Oslo 20190228. Illustrasjonsbilder: En mann utenfor med et NAV skilt. Modellklarert Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix / NPK

NAV-rapport: Nye AAP-reglar har ført til at fleire går på sosialstønad

Talet på personar som går frå arbeidsavklaringspengar til sosialhjelp, har auka kraftig etter at regjeringa stramma inn reglane for kor lenge ein kan få AAP.
NPK-NTB
NPK-NTB

AAP er ei overgangsordning, ein stønad folk med sjukdom eller skade får, medan det blir avklart om dei enten skal bli friskmelde eller komme over på uføretrygd.

Nye reglar har ført til fleire på sosialhjelp

Frå 1. januar 2018 kutta regjeringa makstida for å få AAP frå fire til tre år, for å få ei raskare avklaring av AAP-mottakarar mot jobb eller uføretrygd, ifølgje Dagsavisen.

Ein ny rapport frå Nav onsdag viser derimot at det har vore ein kraftig auke i talet på personar som verken kjem ut i jobb eller får uføretrygd, dei hamnar på sosialhjelp etter at regjeringa stramma inn regelverket.

Les også: Regjeringa foreslår å kutte minstesatsen for arbeidsavklaringspengar (AAP) for unge under 25 år.

– Har ikkje klart å følgje opp nok

Kjell Hugvik i NAV. Foto: Espen A. Istad/NAV

– Det er liten tvil om at regelverksendringane for AAP har ført til at fleire avsluttar til sosialhjelp eller inga registrert inntekt, skriv forskarane bak rapporten, Inger Cathrine Kann og Therese Dokken.

Ifølge rapporten visar utrekningar at sannsynet for å bli uføretrygda etter avslutta AAP-periode har aukt med 3,4 prosentpoeng, blant dei som mottok AAP i 2018 samanlikna med perioden 2015–2016.

– Vi har ikkje klart å følgje opp alle i like stor grad som vi skulle ønskt. Det er vi klar over, og det jobbar vi med, skriv Kjell Hugvik, arbeids- og tenestedirektør i Nav i ein e-post til Dagsavisen.

 

Torkel Eikevik var med i andre sesong av NRK-serien «Jeg mot meg». Foto: NRK
Oppdatert: fredag 3. januar 2020 09.36
ANNONSE