Unge kan få kutt i arbeidsavklaringspengar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forslaget i statsbudsjettet går ut på å redusere minsteytinga frå 198.000 til 130.000 kroner. Endringa skal berre gjelde mottakarar under 25 år, skriv VG.

– Vi tar ned ytingane for å setje inn tiltak som raskare kan få ungdommane over i utdanning eller arbeid, seier arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie (H) til avisa.

Vil avvikla ung ufør-tillegg

Delen unge uføre mellom 25 og 29 år aukar. På eitt år har det vorte 1.578 fleire unge uføretrygda, ifølgje tal frå Nav.

Regjeringa foreslår vidare å avvikle ung ufør-tillegget i AAP til alle nye mottakarar. Dette gir ein samla innsparing på 119 millionar kroner i 2020. Pengane skal brukast til å styrke oppfølginga til Nav av unge mottakarar av AAP.

– I staden for å sikre folk arbeid og tryggleik, kuttar regjeringa der det gjer mest vondt. Og dei forskjellsbehandlar – folk som har lite skal bli motiverte av kutt, medan dei rike skal bli motiverte av å få meir. Dette aukar forskjellane i Noreg og vil ikkje få Aps støtte, seier sosialpolitisk talsperson Lise Christoffersen i Arbeidarpartiet.

117.000 personar får AAP i dag. Rundt 12.000 av dei er under 25 år.

AAP er ei ordning for folk som har fått arbeidsevna redusert med minst 50 prosent på grunn av sjukdom eller skade. Minsteytinga er i dag på 198.000 kroner. Full yting utgjer 66 prosent av inntekta det siste året du vart sjuk, eller snitta av inntekta dei siste tre åra.

Frå 1. januar vart maksimal stønadsperiode redusert frå fire til tre år.