Fleire unge uføre i slutten av tjueåra

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

No er 3 prosent av alle mellom 25 og 29 år uføretrygda. Det utgjer 11.158 personar og er opp 0,6 prosentpoeng. Veksten har skote fart dei siste åra, viser tal frå Nav ifølgje P4.

Mellom 2010 og 2017 vart færre enn 1.000 nye personar mellom 25 og 29 år uføretrygda per år. Frå juni 2017 til juni 2018 auka talet med 1.339 personar. Det siste året vart det 1.578 fleire uføre i denne aldersgruppa.

81 prosent av dei mellom 25 og 29 år som vart uføre det siste året, fekk arbeidsavklaringspengar.

Fleire har arbeidsevne

Hadia Tajik meiner avklaringa tek for lang tid, og pressar difor fleire over på uføretrygd. Foto: Bernt Sønvisen / Ap / CC BY-ND

Regjeringas kutt i arbeidsavklaringspengar har gjort at ein del ikkje får den oppfølginga dei treng, meiner Ap-nestleiar Hadia Tajik.

– Ein del av dei som no blir skyvde over på 100 prosent uføretrygd, er folk som eigentleg kunne ha jobba litt, men dei får ikkje ei avklaring tidsnok, og dei får ikkje ei avklaring som bidrar til å få dei ut i jobb, seier Tajik.

Leiar Erlend Wiborg (Frp) i arbeids- og sosialkomiteen på Stortinget meiner regjeringa har tatt fleire grep for å hindre auken og seier at Nav kan gjere meir.

– Dei aller fleste har ei arbeidsevne og då er det opp til Nav å finne henne og nyttiggjere seg av den, seier Wiborg.