Europeisk Ungdom-leiaren: – Trump, Putin og Erdogan køyrer verda i grøfta

Førre helg hadde Europeisk Ungdom landsmøte. Der fekk Knut André Sande fornya tillit som leiar.

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg har alltid vore interessert i samspelet mellom det lokale, nasjonale og internasjonale, og at me skal lære av historia vår. Men før eg melde meg inn i Europeisk Ungdom hadde eg aldri sett føre meg ein karriere i politikken.

Det fortel Knut André Sande i ein e-post til Framtida.no.

På landsmøtet førre helg fekk 22-åringen frå Sandnes fornya tillit frå medlemmane i Europeisk Ungdom, og held fram som leiar av organisasjonen.

EU-saka aktiverte engasjementet

Sande fortel at han først engasjerte seg då han innsåg at «vanlege folk» som trur på samarbeid med EU må stå opp for det. Han melde seg difor inn i Europeisk Ungdom for å kjempe for Europa og ta til motmæle mot nei-sida.

Etter å ha reist mykje rundt i landet til lag, skular og bedrifter i sin første periode som leiar, sit han att med fleire lærdomar han kan drage nytte av vidare.

– Europa-debatten er stor og omfattande, og det er alltid noko nytt å lære. No er eg vorte betre fagleg og flinkare til å sjå nyansane i debatten. Forholdet mellom Noreg og EU er ikkje svart-kvitt, og EU er ikkje perfekt, fortel Sande.

Leiaren er likevel ikkje i tvil om at det er mange fleire fordelar ved EU, enn ulemper.

Trump, Putin og Erdogan køyrer verda i grøfta

– Kvifor er det bruk for Europeisk Ungdom i Noreg?

– Me lev i ei tid kor internasjonalt samarbeid er under sterkt press. Trump, Putin og Erdogan køyrer verda i grøfta. Samstundes veit me at utfordringane av vår tid er globale. Kloden koker, menneske døyr på flukt i Middelhavet og stormaktene har starta handelskrig, svarar Sande og legg til:

– Då treng me at land samarbeider meir, ikkje mindre. Her spiller EU ei viktig og nødvendig rolle.

Han viser til at Noreg i dag er tett tilknytt EU gjennom EØS-avtalen. Vidare syner han til Europautgreiinga frå 2012 som konkluderte med at Noreg allereie er 75 prosent medlem av EU.

– Likevel veit me lite om vårt eige kontinent og me har for lite Europa-debatt. Europeisk Ungdom trengs for å auke kunnskapen ungdomen har om Europa og få til meir debatt.

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide vart kåra til Årets Europear på Europeisk Ungdom sitt landsmøte. Her med den gjenvalde leiaren. Foto: Europeisk Ungdom

Ein organisasjon for den breie ja-sida

– Kva var dei viktigaste vedtaka som vart gjort på landsmøtet dykkar?

– Det store høgdepunktet må ha vore debatten om kven me som organisasjon er til for. Etter ein spennande debatt med framifrå argument på begge sider vedtok me å vere til for den breie ja-sida. Hjå oss høyrer både EØS-tilhengarar og EU-forkjemparar heime, skriv Sande.

På landsmøtet skapte Europeisk Ungdom ny politikk innanfor sine fire hovudområde: demokrati, arbeid klima og utdanning. Desse skal organisasjonen aktivt løfte framover, fortel Sande.

– I Noreg ser me at EØS-motstanden i fagrørsla aukar, og det må me ta på alvor. Men løysinga er ikkje å seie opp vårt forhold til Europa i strid med folkemeininga.

Sande meiner ein heller må fokusere på å sikre eit trygt, seriøst, og anstendig arbeidsliv innanfor EU.

– Dessutan er det på høg tid at Noreg vert med i EUs klimasamarbeid slik at me kutter eigne utslipp og løyser klimakrisa, skriv han.

Dette er det nye sentralstyret i Europeisk Ungdom. Foto: Europeisk Ungdom.

Brexit-tragedien som kunne vore unngått

– Korleis kan ein sikra at meiningane og problema til ungdom når fram til dei som styrer?

– Skal ein sikre at ungdomen vert høyrt må me unge engasjere oss og dei vaksne lytte til oss. Det har me ikkje alltid vore flinke nok til å gjere.

Sande trekker fram den britiske folkeavstemminga i 2016 som enda med Brexit, og at Storbritannia melde seg ut av EU. Det var då få unge som stemte, sjølv om eit overveldande fleital av dei unge ville verte verande i unionen.

– Heldigvis har me det siste året sett at fleire unge engasjerer seg – både i britisk politikk og ved Europa-valet.

– Kva er dine personlege hjartesaker?

– Her må eg gjenta svaret mitt frå to år sidan: Viktigast for meg er det grøne skiftet og solidaritet i Europa. Eg meiner at me må slutte å diskriminere på bakgrunn av nasjonalitet, og at me må verte flinkare å sikre alle moglegheiter uavhengig av kva land dei kjem frå, svarar Knut André Sande, og legg til:

– Det er lett å gløyma, men bak kvar ei landegrense finnast det menneske – akkurat som oss.

Knut André Sande

Alder: 22 år

Kvar kjem du frå: Sandnes
Utdanning: Har ein bachelorgrad i rettsinformatikk. No studerer eg juss.
Favorittfag på skulen: Trur det må ha vore samfunnsfag eller historie, men har trivest med det meste.
Ulike verv du har: No sit eg i styret til Europabevegelsen og er leiar av Europeisk Ungdom.
Er/har vore medlem i: Mykje forskjellig. Er engasjert. Dei siste åra har eg tona ned mitt partipolitiske engasjement. Me er ein tverrpolitisk rørsle og eg er opptatt av å vere ein samlande leiar.
Kva gjer du i fritida/hobby: Eg sym, ser på underhaldningsprogram på NRK og (prøver å) lage velsmakande mat som eg kan ete etterpå.