Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 13.05.2018 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I helga som var vart Knut André Sande frå Sandnes vald som ny leiar i Europeisk Ungdom, ungdomsorganisasjonen som jobbar for tettare europeisk samarbeid og norsk EU-medlemskap. Han tar over toppvervet frå Andreas Brandt.

I dette intervjuet fortel 20-åringen om sine draumar for Europa og for organisasjonen han leier.

– Gratulerer med vervet! Korleis er det å bli vald?

– Tusen takk! Det kjennest veldig godt å vera vald, og eg gler meg til å stå på i tida som kjem. Dessutan har eg fått mange dyktige folk med meg i styret, så eg har stor tru på dei to komande åra.

– Kva vil me merka av forskjell med deg som leiar i Europeisk Ungdom?

– I tida som kjem skal me bruka mykje tid på å framføra eit positivt bodskap om EU, og me skal visa meir igjen i debattane både lokalt og nasjonalt. Me skal vera flinkare til å kommunisera ut alt det bra EU gjer for kvar og ein av oss. De vil òg sjå meir europeisk lidenskap. Det er litt som at eg vaknar kvar morgon og tenkjer: Kva godt kan eg gjera for EU-saka i dag?

– Kvifor er det bruk for Europeisk Ungdom?

I ei tid då internasjonalt samarbeid er under sterkt press og nazistar marsjerer i gatene i Noreg, treng me ei motvekt til dette. Kvar dag kjemper Europeisk Ungdom for å fremja samarbeid mellom land, slik at me kan gjera liva våre litt tryggare, litt enklare og løysa dei globale utfordringane vår generasjon står framfor.

– Kva er dei viktigaste sakene dykkar det neste året?

– Vår viktigaste sak det neste året er å vera optimistiske på Europas vegne, for det byrjar å gå betre på kontinentet vårt etter eit hardt tiår. Arbeidsløysa fell, oppslutnaden om EU blant vanlege europearar aukar, og viljen til reform er høgare enn tidlegare. Det er klart at Den europeiske unionen er komen for å verta, og då skal me løfta debatten om kva for eit EU me ynskjer i framtida – og sjølvsagt òg når Noreg skal verta med.

Eg vaknar kvar morgon og tenkjer: Kva godt kan eg gjera for EU-saka i dag?

Foto: Europeisk Ungdom

Knut André Sande har det siste året vore nestleiar i Europeisk Ungdom. Under årets landsmøte blei han vald som ny leiar i organisasjonen. Foto: Europeisk Ungdom

– Kva er det som har gjort at du har engasjert deg?

– Før eg melde meg inn i Europeisk Ungdom hadde eg aldri sett føre meg ei karriere i politikken. Det gjer eg heller ikkje no, men eg tek éin dag av gongen. For i ei tid då internasjonalt samarbeid er sett under press må nokon kjempa for meir grenselaust samarbeid – ikkje mindre! Dessutan er Europeisk Ungdom ein fantastisk organisasjon å vera med i, med masse flotte og engasjerte menneske. Då er det vanskeleg å seia nei.

– Kva er hjartesakene dine?

– Viktigast for meg er det grøne skiftet og solidaritet i Europa. Eg meiner at me må slutta å diskriminera på bakgrunn av nasjonalitet, og at me må verta flinkare å sikra alle moglegheiter uavhengig av kva land dei kjem frå. Det er lett å gløyma, men bak kvar ei landegrense finnast det menneske – akkurat som oss.

– Kva er idealsamfunnet?

– Eg trur ikkje på noko idealsamfunn. Det som er ideelt for nokre, er ikkje ideelt for andre. Dessutan trur eg aldri me kan nå noko idealsamfunn. Med det sagt, kjempar eg for å føra samfunnet i ei retning kor kvar enkelt kan lykkast og vera med å påverka, og der dei som slit vert tekne vare på. Her kan me alltid forbetra oss.

– Korleis kan ein sikra at meiningane til ungdom i heile Europa kan nå fram til dei som styrer?

– Ungdomen må vera med i samfunnsdebatten. I Noreg har me mange og gode arenaer ungdom kan ytra seg på. Slik er det ikkje overalt i Europa. Difor må det utviklast fleire slike arenaer både på nasjonalt og europeisk nivå. Samtidig må politikarane høyra meir på ungdomane. I Storbritannia, til dømes, vert ynsket til dei unge om å verta i EU heilt ignorert av dei gamle. Det er trist at ein gjeng med gamlingar får øydeleggja framtida til dei unge på den måten.

Seks kjappe

Frå: Sandnes, Rogaland

Alder: 20

Utdanning: Held på med bachelorgraden Demokrati og rettar i infomasjonssamfunnet ved Universitetet i Oslo. Handlar om personvern.

Favorittfag på skulen: Har alltid trivest med det meste, frå gym til matte til historie.

Medlem i: Unge Venstre (og har ein del støttemedlemskap ulike stadar).

Hobby og fritid: Symjing, utforska marka, reisa til ukjente stadar og læra noko nytt. EU-saka er eigentleg både jobb og hobby, så sjølv i tider med mykje arbeid føler eg at eg har litt fri.