Lastebilar med fargerike, prangande utsmykkingar og måleri av varierande kvalitet er nesten vorte eit nasjonalsymbol for Pakistan. No vert tradisjonen teken i bruk på ein ny måte.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Saka stod først publisert i kampanjeavisa til Verdens Beste Nyheter, og er sett om til nynorsk av Framtida.no.
Jenter sin tilgang på utdanning er ei stor utfordring i Pakistan.
– Det [er] ikkje nødvendigvis ei motvilje mot å sende jenter på skule, seier Amar Bokhari til Verdens Beste Nyheter.
Amar Bokhari er styreleiar i Stiftelsen LAMS i Noreg som støttar LAMS-skulen i Punjabprovinsen i Pakistan, og som tilbyr gratis og sterkt subsidiert utdanning til nærare 700 elevar, dei fleste jenter.
Han driv også tekstilfabrikken Bokhari, som ligg vegg i vegg med LAMS-skulen og som finansierer skulen ved å produsere berekraftige og handlaga tekstilprodukt som vert selde i Noreg.
– Men erfaringa vår viser at det ofte er jentene som vert nedprioriterte, og at det er dei som vert først trekte ut av skulen dersom omstenda skulle endrast.
Det er spesielt jenter i provinsane som er utsette. Alt i alt er delen av jenter som forsvinn ut av skulen i Pakistan den nest høgaste i verda (etter Nigeria), ifølgje Malala-fondet.
– Ein faktor som ofte vert gløymt i debatten om å sikre fleire jenter på skulen, er gutane. Vår erfaring viser at dersom ikkje brør eller fedrar og andre gutar og menn i samfunnet også endrar sine oppfatningar om jenter si rolle og mogelegheiter, så vil desse jentene møte mykje motstand så snart dei forlet skulen, fortel Bokhari.
- Treng du fleire gode nyheiter? Les om seks ting som gjev håp for framtida!
Gjennom det ganske land
Lastebil-prosjektet er eit steg på vegen for å påverke haldningar. Ideen til «lastebil-kunst med meining» vart først utvikla av filmskapar og menneskerettsavktivist Samar Minallah Khan.
Målet var å normalisere og oppfordre til utdanning for jenter. Ho oppsøkte lastebilkunstnarar med ideen, og trass i motstand i byrjinga, var det raskt mange som trådde til.
Samar Minallah seier til nyheitsbyrået Dawn at ho har fått mange positive tilbakemeldingar, og at stadig fleire lastebilsjåførar spør om liknande måleri på lastebilane sine.
Educate girls. Let them spread the light #AnotherTruckAnotherMessage #women #Girls #Pakistan #womensday pic.twitter.com/DV3X2JzcoU
— Samar MinAllah Khan (@SamarMinallahKh) March 6, 2019
Lastebilane ber bodskap som «utdanning er makt», med måleri av jenter som ber på skulebøker eller liknande. Dei besøker provinsielle og avsidesliggjande område, kor utdanning blant jenter ikkje er like utbreidd som i storbyane. Tiltaket veks seg større, og vert no støtta av både UNESCO og Asian Development Bank.
Til trass for mange utfordringar er det noko framgang:
– I løpet av dei 23 åra LAMS-skulen har eksistert har vi sett ei svært positiv endring i ikkje bere tal jenter som begynner på skulen, men også i talet som fullfører skulen, fortel Amar Bokhari.
Ifølgje UNESCO kan lastebil-kampanjen nå ut til grupper og menneske det hadde vore vanskeleg å nå fram til elles. Forhåpenlegvis kan denne kampanjen bidra til at talet jenter i skulen held fram med å auke.
Samar Minallah Khan står bak fleire lastebil-kampanjer i Pakistan – både for å hindre barneekteskap, samt ei prisvinnande kampanje for å lokalisere sakna born:
A campaign I did in collaboration with BBDO Pakistan has bagged 4 Cannes Lions at the 2019 Cannes Lions International Festival of Creativity. A special thanks to the super talented truck artists and all those involved in making it happen #Cannes2019 #Honor pic.twitter.com/oDjROfWPlP
— Samar MinAllah Khan (@SamarMinallahKh) July 5, 2019
- Les også meininginnlegget som tek opp korleis mensen hindrar jenter frå å fullføre grunnskulen: Ein grunn er mangelen på hygieniske produkt og sanitæranlegg
- Ein årleg kampanje arrangert av SAIH (Studentene- og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond), Changemaker og Spire