La oss tenkje nytt om Europa

Knut André Sande, Leiar av Europeisk Ungdom
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

EU er ikkje eit alternativ til nasjonalstaten, men eit naudsynt tillegg. Klima, migrasjon, skatt og globalisering – det er ikkje alle utfordringar enkeltland kan løyse aleine. Det er på høg tid at me tenkjer nytt om kontinentet vårt.

Eg engasjerer meg i politikken fordi verda treng løysingar – ikkje fleire problem.

Diverre klarer eg ikkje å sjå at verdas leiarar er einige med meg.

I vest går den amerikanske presidenten, Trump, til jamlege angrep på media. Han er meir oppteken av å byggje mur og rive sund internasjonale avtaler enn å snakke sant.

I aust gjer Putin det han kan for å påverke og undergrave dei vestlege demokratia. Etter nitten år på trona har han konsolidert massiv makt i eigne hender. Potensielle truslar i opposisjonen «forsvinn».

Brasil har valt ein president som har teke til orde for å avskaffe demokratiet. Kina lar no statsleiaren sin sitje på livstid, og vil føre sosial kontroll på innbyggjarane sine. Filippinane har ein president som oppfordrar til å jakte på og drepe kriminelle utan lov eller dom. Slik kan eg fortsetje.

Eg engasjerer meg i politikken fordi verda treng løysingar – ikkje fleire problem

Er det ei sånn verd me ynskjer oss?

Nei, så absolutt ikkje.

Så her er mitt forslag: Kvifor tenkjer me ikkje nytt om Europa?

I alt for mange år har Europa vore i ein skvis mellom supermaktene i verda. No må me stå opp for oss sjølve og det me trur på. Det er ikkje nokon andre som vil gjere det.

Heldigvis har me eit større potensiale enn du kanskje trur. Den europeiske økonomien er på storleik med den amerikanske. Vi har over halvparten av klodens velferd. EU, sjølve grunnmuren i det europeiske samarbeidet, er dessutan stadig meir vyrda. Verdas største bistandsgjevar, men òg ei mjuk supermakt. Den europeiske union vart jo starta opp etter annan verdskrig for å skape – og sikre – varig fred.

Dagens unge tek dette for gitt, og tenkjer fyrst og fremst på EU som eit økonomisk prosjekt. Det er grovt forenklande – EU er så utruleg mykje meir enn ein marknad.

Her er nokre gode døme på det:

Demokratiets forkjempar. Eg tok det som ei sjølvfølge at demokratiet hadde vunne fram. Der tok eg grundig feil. Me må kjempa for folkestyret kvar einaste dag. Heldigvis er EU med på laget. Då Sovjetunionen falt bidrog EU til at Aust-Europa vart demokratisk. Det same med Sør-Europa då diktatura forsvann. Kampen er likevel ikkje over. Dei siste åra har den polske regjeringa undergrava rettsstaten. EU har stritta imot, og trua med sanksjoner. Denne veka gav den polske regjeringa etter. Dei droppar den antidemokratiske reforma.

EU er så utruleg mykje meir enn ein marknad

Menneskerettighetenes vaktbikkje. Til forskjell frå amerikanarane tillèt me ikkje dødsstraff i Europa. EU leiker heller ikkje verdspoliti. Mens USA og Russland aktivt engasjerer seg i konfliktar verda over, er EU ei mjuk makt som sett befolkninga fyrst. Me har gjennom tusen år med krig innsett at det ikkje er nokon god løysning. Når andre land bryt menneskerettane gir EU klar beskjed om at det ikkje er greitt. Heilt nyleg var EU tidleg ute med å be om full gransking av Saudi-Arabia etter Khashoggi-drapet. Trumps Amerika er avventande, i frykt for at saudiarane skal slutte å bruke presidenten sitt hotell.  

Grønt fyrtårn. Dei europeiske landa samarbeider om ein felles miljø- og klimapolitikk. Då Polen ville hogge urskogen sin, sa EU bastant nei. Mens dei norske utslippene aukar tar EU ansvar, og har kutta 23 % sidan 1990. Verda treng at Europa viser veg.  

EU temmer globalismen, som lett kan spinne ut av kontroll. Ved å slå ned på skatteparadis og krevje at multinasjonale selskap som Apple og Google betalar skatt, er union vorte dei europeiske velferdsstatane sin beste venn. Ved å skape ny lovgjevnad, til dømes GDPR (personvern), sørger EU for at europearar beheld makta over eigne liv, ikkje staten (Kina) eller store bedrifter (USA).

Verda treng at Europa viser veg

Det vert stadig meir openbart at me treng forpliktande samarbeid i Europa for å løyse vår tids utfordringar. EU gir oss sårt tiltrengte verktøy. Saman kan me utgjere eit godt, truverdig alternativ til Trump og Putin.

Svenskar, nordmenn, spanjolar og austerrikarar – me er alle europearar. No er det på høg tid at me får auka sjølvtillit på vegne av kontinentet vårt. Derfor utfordrar eg deg til å tenkje nytt om Europa. Me treng deg for å lukkast!