Stortingspolitikar til statsministeren: – Nok ei ansvarsfråskriving

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dette er nok ei ansvarsfråskriving frå Erna Solberg si side. At ho først unngår å nemne olje og gass i talen til FN, og når ho kjem heim vil ho heller ikkje verte konfrontert med det.

Det seier vararepresentant på Stortinget Solveig Skaugvoll Foss (SV) på telefon til Framtida.no.

Ho reagerer på at statsministeren ikkje svarar på eit skrifteleg spørsmål direkte retta til ho, men overlet til klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) å svare.

Ser ikkje vilje til klimakutt

I slutten av september og kjølvatnet av klimatoppmøte i New York sende Foss (SV), som er vararepresentant for Kari Elisabeth Kaski (SV) på Stortinget, eit skriftleg spørsmål til statsminister Erna Solberg (H).

Der utfordra Skaugvoll Foss statsministeren på kvifor ho ikkje nemnde olje og gass då ho talte for FN-forsamlinga under klimatoppmøtet i New York.

I grunngjevinga for spørsmålet skriv Skaugvoll Foss:

«Talen som ble holdt på FNs Climate Action Summit 23. september 2019 fokuserte på justeringer for et litt mer bærekraftig havbruk, noe som dekker over og bagatelliserer de store utslippene fra olje og gass.»

Det er ikkje første gang regjeringa freistar å ro seg unna dei store utfordringane ved å heller pynte på det. Dei set heller fokus på detaljar i miljøpolitikken i staden for å ta skikkeleg tak, seier Skaugvoll Foss.

Ho meiner talen vitnar om ei regjering som ikkje er innstilt på å ofre noko for å nå klimamåla:

– Det som ville gjort at vi nådde målsetjingane, er å kutte i olje og gassnæringa. Det er dei ikkje villige til.

– Provoserande

2. oktober fekk SV-politikaren svar, men ikkje frå statsministeren – frå klima- og miljøminister Ola Elvestuen.

I sitt svar poengterer Elvestuen at statsministeren, i lys av den nye spesialrapporten frå FN sitt klimapanel om hav og is, valde å fokusere på klimatiltak på havfeltet. Samt regnskogsatsinga til Noreg.

Som svar på oljekritikken skriv Elvestuen:

«I henhold til Granavolden-plattformen er hovedmålet i regjeringens petroleumspolitikk å legge til rette for lønnsom produksjon av olje og gass i et langsiktig perspektiv. Regjeringen fører en ansvarlig og forutsigbar petroleumspolitikk i møte med klimautfordringene.»

Solveig Skaugvoll Foss meiner uttalen er «fullstendig feil».

– Det er hårreisande å påstå at norsk petroleumspolitikk er ansvarleg når ein ser konsekvensane som allereie har oppstått på grunn av klimaendringane. Det er livsfarlege konsekvensar. Ein stor grunn er Noreg sin petroleumspolitikk.

– At Elvestuen kallar det forsvarleg, det synest eg er veldig provoserande.

Naturleg å sende spørsmålet vidare

Framtida.no sende ein førespurnad til Statsministerens kontor om kommentar frå statsminister Erna Solberg.

Framtida.no gjentok spørsmålet frå Solveig Skaugvoll Foss, spurde kvifor statsministeren ikkje svara sjølv, og kor vidt statsministeren meiner Noreg fører ein petroleumspolitikk som er rusta for å svare på klimautfordringane verda står ovanfor.

Statssekretær Rune Alstadsæter (H) svarar at det på bakgrunn av grunngjevinga er naturleg at spørsmålet vart sendt vidare til klima- og miljødepartementet.

Han viser elles til klima- og miljøminister Ola Elvestuen sitt svar.

Solveig Skaugvoll Foss sjølv meiner det er eit tynt grunnlag for å omadressere spørsmålet, og trekker fram at stortingsrepresentantar har rett på å få svar frå regjeringa sine medlemmar:

Når ho sjølv ikkje svarar, så opplever eg at spørsmålet ikkje vert svara på, avsluttar Skaugvoll Foss.

John Lynes (91) har blitt arrestert fleire gonger. Her under klimademonstrasjon med Extinction rebellion i England. Foto: Skjermdump/Matthew Thompson på Twitter