Unge Høgre til moderpartiet: – Må diskutera vern av Barentshavet

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Før lokalvalet i år, tok klimaminister Ola Elvestuen (V) til orde for vern av Barentshavet nord, noko statsminister Erna Solberg (H) avviste.

Vern mot oljeleiting i delar av Barentshavet og mindre skattefordelar for oljenæringa kan no likevel bli Høgre-politikk.

Faksimile frå Klassekampen 07.10.2019.

Ynskjer Høgre-debatt om oljenæringa

Fleire Høgre-profilar tek i papiravisa til Klassekampen 7. oktober til orde for å ta ein debatt om partiet sin olje-politikk framover.

– Me bør diskutere vern av Barentshavet nord. Det er en debatt Høgre treng å ta, seier stortingsrepresentant Lene Westgaard-Halle (H) til Klassekampen.

Ho får også støtte av Henrik Asheim, nestleiar i programkomiteen og finanspolitikar i Høgre.

– Me må ha ein ærleg diskusjon om naturverndelen, om det er område som bør vernast for olje- og gassutvinning, seier han.

– Tvingande nødvendig

I Politisk kvarter på NRK P1 onsdag morgon, var det Ola Svenneby, andre nestleiar i Unge Høgre, som la fram saka.

Ola Svenneby i Unge Høgre. Foto: Presse

– At det største regjeringspartiet skal diskutera det som er landets viktigaste næring, meiner eg er heilt nødvendig, seier Svenneby til Politisk kvarter.

Unge Høgre har vore ein av pådrivarane til ein intern parti-debatt om oljepolitikken. Svenneby meiner partiet har godt av å diskutera utviklinga av ny politikk:

– At me kan diskutera kva som er rett for Noreg, utan å ta omsyn til kva som er strategisk rett, eller kva andre parti meiner. Og tenka: Kva er den rette politikken for Noreg, når me skal gå til val på attval i 2021?

– Farleg signal

Bjørn-Kristian Svensrud, leiar i Framstegspartiets ungdom, møtte Svenneby til debatt i radioprogrammet, og kallar det ei farleg utvikling.

Bjørn-Kristian Svensrud, leiar i Fpu. Foto: Presse

– Dersom det er sånn at Høgre skal styra politikken sin i større grad på kjensler, enn på kunnskap frå forarbeid til konsesjonsrundar mellom anna, synest eg det er ei farleg utvikling frå det største regjeringspartiet, seier han og legg til:

– Det er eit farleg signal til dei 225.000 oljearbeidarane vi har i Noreg.

Svenneby meiner at det er nettopp fordi Noreg har over 200.000 oljearbeidarar, at Høgre er nøydde til å diskutera næringa.

– Det eg meiner er farleg, er å lena seg tilbake og tenka at systemet i dag, med leiterefusjonsordning frå 2005 til dømes, er heilt perfekt.

Fpu på si side, meiner at dagens politikk fungerer godt, noko Svenneby er samd i.

– Men det betyr ikkje at den kjem til å fungera framover. Eg har ikkje så sansen for politikarar som lener seg tilbake før val og konkluderer med at: Dette er det strategisk rette å meine for at me skal få dei stemmene i industrien, seier Unge Høgre-politikaren.

Kan gå glipp av frustrerte Ap-velgjarar

Magnus Takvam, politisk kommentator i NRK, er overraska over utspelet til Høgre-toppane. Han seier i Politisk kvarter at dette er ei interessant utvikling, som viser korleis klimadebatten spreiar seg.

– Det dette viser er at det auka miljømedvitet i samfunnet og den tilspissa klimadebatten, også pressar dei store partia på dette punktet. Både Arbeidarpartiet og Høgre, seier Takvam.

Den politiske kommentatoren trur motkreftene i Høgre vil vera skeptiske til å la høve til å stela frustrerte velgjarar i oljenæringa frå Arbeidarpartiet, gå frå seg. Han trur også det kan føra til større avstandar til Frp, som har vore garantist for vidare oljeutvinning.

Delte syn i partiet

Ola Svenneby i Unge Høgre, trur det vil bli ein spanande debatt i partiet.

– Eg trur at Høgre-folk framleis er veldig for olje og kjem til å vera det. Eg trur det kan bli ein veldig, veldig spanande debatt, seier han i Politisk kvarter.

Sjølv om Unge Høgre har vore pådrivarar for å diskutera oljepolitikken, er det også  vanskeleg å vita kor dei vil landa. Svenneby meiner oljesaka er den som splittar Unge Høgre mest.

– Likevel er det noko Unge Høgre diskuterer veldig mykje, og eg gler meg til me skal gjera det same i Høgre også. Det Fpu kallar vingling, kallar eg politikkutvikling, seier Svennby.

Ny politikk og partiprogram for Høgre blir vedteke på landsmøte deira 27.-29. mars, 2020. 

Bilete frå Klimabrølet 30. august 2019 i Oslo. Foto: Ingvild Eide Leirfall