Halvparten av Norges uoppdaga olje i Barentshavet

Framtida
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Har halvparten av den uoppdaga olja

Anslag frå Oljedirektoratet tyder på at meir enn 50 prosent av dei uoppdaga olje- og gassressursane på norsk sokkel finst i Barentshavet.

Ifølgje Oljedirektoratets ressursrekneskap for 2016 er det totale anslaget for både oppdaga og ikkje-oppdaga petroleumsressursar på norsk sokkel 14,3 milliardar standard kubikkmeter oljeekvivalentar – rekna om til rundt 90 milliardar fat.

Drygt 18 milliardar fat er førebels ikkje påviste, og ifølgje Oljedirektoratets anslag er halvparten av dette i Barentshavet, ifølgje Frifagbevegelse. Dei aller mest spennande områda er mot Russland i søraust og mot nord i Barentshavet. Direktoratets rapport blir lagt fram ein gong i år.

– Ressursgrunnlaget for denne regionen vil truleg auke, seier leitedirektør Sissel Eriksen i Oljedirektoratet.

Ifølgje bransjenettstaden Petro.no planlegg operatørane Statoil, Lundin og Eni å bore 13 leitebrønnar i nord i 2017. I Nordsjøen skal det borast ti brønnar og fem i Norskehavet.

I dei omstridde områda utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja – Nordland VI og VII og Troms II er anslaga langt mindre:

– Det er bora éin brønn i Nordland VI, så det er mykje ugjort i området. Vi forventar likevel at det finst 202 millionar kubikkmeter oljeekvivalentar i Nordland VI, Nordland VII og Troms II. Det er størst sjanse for olje i sør, seier Eriksen. (©NPK)