Strøymetenestene gløymer nynorsk

Isak Slettebø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Strøymetenestene gløymer nynorsk

Ifylgje det norske mediebarometeret utgitt av Statistisk sentralbyrå, nyttar 26 prosent av folkesetnaden strøymetenester kvar dag.

Dei ivrigaste er dei unge, som gjerne sit fleire timar i strekk framfor skjermen og ser på seriar og filmar. Kor sunt dette er kan me diskutera, men det hjelper iallfall ikkje at tekstinga alltid er på bokmål.

Manglar teksting på nynorsk

Nynorsk teksting er totalt fråverande hjå både HBO og Netflix. Det får Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag, til å reagera.

– Når Elena Ferrantes Mi briljante venninne no snart kjem i filma versjon i strøyme-TV, bør kanalen HBO sørge for at det blir med nynorske undertekstar, seier han i ei pressemelding.

Magne Aasbrenn frå Noregs Mållag trur HBO Nordic har eit marknadsførings-skup framfor nasen, om dei tekstar Elena Ferrante på nynorsk. Foto: Noregs Mållag

Ferrantes bøker kjem ut på nynorsk her i landet, omsette av Kristin Sørsdal, og lesarane er vane med å lese om hovudpersonane Elena og Lila på nynorsk.

– Då er det synd om dei plutseleg blir teksta på bokmål når dei kjem på TV-skjermen, held Aasbrenn fram.

Les også: DVD-en taper stort

Treng nynorsk i meir enn offentlege dokument

Kvifor skulle strøymetenestene aktivt unngå nynorsk? Direktør i Språkrådet, Åse Wetås, har iallfall vondt for å tru at det kan skremma bort sjåarar om dei vekslar litt.

– Forestillinga om at ein TV-serie skulle vera mindre attraktiv for sjåarane om han er teksta på nynorsk enn om han er teksta på bokmål, trur eg er basert på ei mistyding. Eg trur ikkje norske språkbrukarar ville ha reagert negativt, enten det var på den eine eller andre målforma, seier ho til Nyhetsmorgon i NRK onsdag 18. juli.

Åse Wetås frå Språkrådet kan ikkje skjøna kva strøymetenestene skulle ha å tapa på å nytta nynorsk. Foto: Mariam Butt / NTB scanpix / NPK

– For at nynorsk skal vera livskraftig òg i framtida, er det viktig at det er til stades på alle typer tekstflatar som folk møter i kvardagen, ikkje berre i offentlege dokument og aviser, legg ho til.

Magne Aasbrenn lovar at det ikkje skal mangla på blest og støtte frå Noregs Mållag og dei 13000 medlemane, dersom Ferrante-serien kjem med nynorske undertekstar.

Framtida har kontakta HBO og Netflix og oppdaterer saka så snart me får svar.

Les også: Ser du for mykje på Netflix?