Møt hovudrollene i Netflix si norskspråklege storsatsing

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 20.03.2019 21:03

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Til neste år kjem Netlix sin første norskspråklege dramaserie, Ragnarok. Serien vert skildra som ei moderne oppveksthistorie med røter i norrøn mytologi.

I ei pressemelding i dag avslørte straumetenesta kven som har hovudrollene. Det vert mange kjende fjes å sjå på skjermen i 2020.

Kor førebudd er du? Test dine kunnskapar om norrøn mytologi her.

Ingen SKAM i å rekruttere på heimebane

Dei to skodespelarane bak SKAM-karakterane Magnus og Christoffer vert gjenforeint i Netflix-serien. David Stakston (19) skal spele Magne, medan Herman Tømmeraas (21) vert å sjå som karakteren Fjor.

Rollelista har også plass til Heimebane-skodespelar Emma Bones. 19-åringen er i desse dager å sjå på NRK i beste sendetid, som Camilla, men til neste år vert ho kjend for mange som Ragnarok-karakteren Gry.

Kinoaktuelle Jonas Strand Gravli (27) frå Amundsen dukkar opp som karakteren Laurits. Ragnarok vert hans andre Netflix-opptreden, etter at han spelte rolla som Viljar i fjorårets 22. juli.

Den siste hovudrolla har gått til 27 år gamle Theresa Frostad Eggesbø som skal spele Saxa. Ho har tidlegare spelt i den norske filmen Kometen og den danske kortfilmen November, og tek med denne rolla steget frå filmlerretet til TV-skjermen.

Les også intervjuet med Emma Bones: – Har vore ei sjuk læringskurve å spele i Heimebane

Edda = Odda

Handlinga i Ragnarok er lagt til den vesle, fiktive byen Edda og innbyggjarane som bur der. Kanskje er dei ikkje heilt som ein trur?

Etter å ha leita både i Danmark og Noreg etter ein passande plass å filme serien fall valet på Odda i Hardanger. I dei seks episodene av serien vil sjåarane møte ei verd som endrar seg dramatisk med smeltande polar, varme vintrar og kraftig nedbør.

Er vi på veg mot eit nytt Ragnarok eller kjem nokon til å gripe inn?

Les også: Norsk storsatsing frå Netflix: «Ragnarok» er på veg