800 fleire søkarar til yrkesfag i opptaket til vidaregåande skule i år
Kunnskapsminister Jan Tore Sanner (H) meiner det er gode nyheiter at 800 fleire søkarar har valt yrkesfag, og at faga framleis er populære.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I år er det 800 fleire søkarar til yrkesfag enn til studieførebuande på Vg1.
– Noreg treng fleire flinke fagarbeidarar, og det er gode nyheiter at yrkesfaga held fram å vere populære, seier Sanner i ei pressemelding.
Til første året på vidaregåande skule utgjer yrkesfaga 51 prosent av søkarane i årets søkartal. Det svarer til 800 fleire søkarar til yrkesfag enn studieførebuande, ifølgje kunnskapsdepartementet.
Vil ha fleire yrkesfagelevar
Regjeringa ønsker at fleire skal velje yrkesfag, og har derfor sett i gang fleire tiltak, ifølgje Sanner.
– Det er like viktig ha eit fagbrev som å ha ei mastergrad, og moglegheitene er mange om du vel yrkesfag. Rekordmange yrkesfagelevar har òg fått læreplass, og fleire fullfører og består ei yrkesretta vidaregåande utdanning, seier han.
Samtidig er det positivt at mange har fått innfridd førstevalet sitt til vidaregåande opplæring, meiner kunnskapsministeren.
Færre får skuleplass i Hordaland
92 prosent av søkarane til skuleplass i vidaregåande opplæring har på landsbasis fått tilbod.
Det er likevel noko fylkesvise forskjellar. 95 prosent har fått tilbod i Østfold og Vest-Agder, mot 89 i Hordaland.
Delen som har fått førstevalet sitt innfridd, er på landsbasis 86 prosent, medan det varierer frå 81 prosent i Buskerud til 89 prosent i Trøndelag og Vest-Agder.
Les innlegget frå yrkesfagelev Tomine Berge: «Det viktigaste med val av vidaregåande skule er at du vel det du sjølv vil, ikkje det alle andre vil at du skal velje»