Etter å ha starta på to utdanningar fann Tonje Halbjørhus ut at ho berre måtte hoppe i det. Musikaren driv sitt eige plateselskap og brukar mesteparten av tida på kontorarbeid.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 17.10.2019 11:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Når eg skriv låtar, er i studio eller speler konsertar, åleine og saman med andre, får eg ei kjensle av tilhøyrsle som ikkje kan måle seg med noko anna. Eg har ein skapartrong og eg elskar å formidle musikken min til folk. Det som fyrst var ein hobby viste seg å bli ein livsstil.

27 år gamle Tonje Halbjørhus frå Hemsedal gav tidlegare i år ut andrealbumet Etter stjernene. Dagbladets meldar kalla ho ein godt bevart musikalsk hemmelegheit og trilla 5-ar på terningen.

– Det er heilt rått å til dømes høyre mine eigne låtar i samspel med andre musikarar for fyrste gong, å halde min eigen LP-plate i hendene eller å spele for eit publikum som kosar seg, kjenner seg igjen i tekstane og gir meg fine tilbakemeldingar, skriv Halbjørhus. 

I sommar har ho turnert på norske festivalar med musikken sin, ein jobb som inneber mykje meir enn det publikum ser.

– Kort oppsummert: Korleis ser ein vanleg arbeidsdag ut?

Bandgutta som pakkar bilen på turné i vår. Andreas Bergo, Bjørnar Brandseth, Lars Jonas Bergo og Arne Steinar Myrvang. Foto: Privat

Ca 90% av jobben min består av kontorarbeid. Eg bookar konsertar, gjer promo og driv plateselskap sjølv, nettopp for at eg skal kunne vere musiker på den måten eg vil og ha kontroll over eigen karriere. Desse dagane er fleksible og frie, eg står opp ganske tidleg, et ein lang og god frukost, skriv og svarar på mail, tar telefonar og googlar nye stader å spele på.

Men på dei beste arbeidsdagane, som gjer alt det administrative verdt det, er når eg og bandet mitt pakkar bilen og køyrer dit me skal spele, riggar opp og har lydprøve, et middag og slappar litt av før me speler for eit nydelig publikum. Deretter riggar me oss ned igjen og heng litt på ein eller annan lokal bar, søv på hotell og køyrer til neste by.

– Førebudde utdanninga deg på yrket?

Eg byrja på to utdanningar, men fann ut at det eg ville jobbe med ikkje kunne lærast på skulen. Eg måtte berre hoppe i det, starte plateselskap, finne ut av ting undervegs og spele så mykje som mogleg med flinke og erfarne folk. Ein blir aldri utlærd i dette yrket og det er ingen fasit på korleis ein skal gjere ting. 

– Kva er det beste med jobben?

Fridomen, fleksibiliteten, applausen og alle dei spennande folka eg møter og plassane eg får besøke som eg aldri hadde funne fram til, hadde det ikkje vore for musikken.

– Kva er det mest utfordrande?

Det kan til tider vere beinhardt å halde motet oppe når eg tvilar på om det eg skapar er bra, når det ikkje kjem folk på konsert, når eg får avslag, eller når eg ikkje veit korleis eg skal få betalt regningane.

– Kven passar yrket for? 

Viss dette er det einaste du vil i heile verda, då passar yrket for deg. Då er det berre å gå all in og halde ut når du møter motgang!

Papirkunstnar Kristine Braanen laga ti unike, handlaga cover til den andre LP-plata til Tonje Halbjørhus. Foto: Privat

– Har du tips til ungdom som siktar mot denne jobben?

Sett deg inn i business-delen av yrket og kva det vil seie å eige eller ikkje eige musikken din. Jo meir du gjer av det administrative i byrjinga, jo enklare blir det å lande gode avtaler med samarbeidspartnarar seinare. Det er lov å prøve og feile. Musikken er alltid det viktigaste, følg hjarta og gjer det du har trua på. 

– Kva er det mest utrulege som har hendt deg på jobb? 

Å gå ut på scena og sjå folk sitta forventningsfulle og vente på at eg skal spele for dei er ei utrulig oppleving. Kvar einaste gong.

Her kan du sjå og høyre Tonje Halbjørhus spela låta Framtida når meg igjen, på Sommeråpent i fjor:

Tonje Halbjørhus

Alder: 27

Frå: Hemsedal

Yrke: Musikar

Utdanning: Emner innan musikkvitenskap frå Universitetet og kulturledelse frå BI, men ingen fullført utdanning.