Rekordmange kvinner vil bli politi

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kvinnedelen er på 52,6 prosent. Det er ein auke på nesten 5 prosentpoeng frå 2018. Snittalderen på søkarane i år er den same som i fjor, 22 år.

Søkartala er tilbake på 2013/2014-nivå. Samanlikna med fjoråret viser tala i år at det er 643 færre søkarar. Det er òg 609 færre som har politiutdanning som førsteprioritet, altså det høgste studieønsket sitt, i år enn i fjor.

Politihøgskolen er ikkje uroa

Nedgangen utløyser ikkje stor bekymring ved Politihøgskolen.

– Det aller viktigaste er at vi sit igjen med ei solid mengde kvalifiserte søkarar til slutt i opptaket. Søkartalet i år skal kunne gi oss det. Mykje tyder på at nedgangen i søkarinteresse nok først og fremst er eit resultat av uvisse knytt til moglegheita for jobb etter fullført utdanning, seier seksjonsleiar Ann-Lisbeth Framaas ved Politihøgskolen.

Les også om fagskulen der du får studiepoeng for parkour og stunting: – Då eg søkte trudde eg aldri eg kom til å dunke ned 15 trappetinn!

Uvisse rundt jobbmogelegheiter

Frå og med i fjor haust vart opptaket til bachelorutdanninga redusert frå 720 til 550 studieplassar. Det betyr at færre søkarar òg konkurrerer om færre plassar.

– Vi veit at mange som søker politiutdanning er svært motiverte og søker uansett, fordi det er dette dei verkeleg vil. Vi meiner derfor at uvisse rundt jobbmoglegheiter nok er ein viktigare faktor for søkartala enn talet på studieplassar og studiestader, seier Framaas.

Fordelinga av søkarar med politiutdanning som førsteprioritet viser at Oslo har 1.478 søkarar i denne kategorien, ein nedgang på 175 frå fjoråret. Bodø har 589 søkarar, ein nedgang på 110, og størst prosentvis tilbakegang. Stavern held stand med 722 søkarar, éin meir enn i fjor.

Les også om Mathias og Maia som får løn under fengselsbetjentutdanninga, men nålauget er trangt og vegen ut er kort: 

– Fengsel er veldig lukka, ein veit veldig lite om det, viss ein ikkje interesserer seg for det, seier fengselsbetjentaspirant Mathias, som får støtte av medstudent Maia.