Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 17.10.2019 11:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Teikneseriar er utruleg gøy å jobbe med, det dekka behovet mitt for å laga historier og finne på karakterar, forklarar Martin Ernstsen.

Den 36 år gamle illustratøren frå Kjeller lanserte nyleg ei teikneserieutgåve av Hamsun-klassikaren Sult.

Dagbladet var over seg av begeistring over det dei meiner bør bli Ernstsen sitt definitive gjennombrot og trilla seksar på terningen.

Ernstsen set stor pris på å få teikne fritt og setja sine egne premiss.

– Det er ei uttrykksform kor ein har utruleg mykje moglegheiter og kor ein kan gjere alt på eigahand om ein vil det, forklarar 36-åringen.

– Kvifor valde du denne yrkesvegen?

Då eg gjekk på vidaregåande ville eg i utgangspunktet bli biletkunstar. Seinare bestemte eg meg for å studera illustrasjon, men oppdaga etterkvart teikneseriar og blei heilt besett av det. Det blei klart for meg at det var dette eg ville drive med.

Eit utdrag frå Knut Hamsuns «Sult» i teikneserieformat. Illustrasjon: Martin Ernstsen

– Kort oppsummert: Korleis ser ein vanleg arbeidsdag ut?

Eg likar å jobbe på kveldane, og sidan eg kan bestemme over eiga arbeidstid så startar eg ikkje dagen så tidleg. Eg begynner med en kaffi og å svare på mail og kanskje jobba litt med promosjon (poste på sosiale medier etc).

Eg har eit atelier som eg delar med to andre tegneserieskaparar, der har eg eit teiknebord kor eg jobbar med pennesplitt, pensel og blekk, men eg jobber også ein del i Photoshop og eg gjer også layout-arbeid.

Ein vanleg arbeidsdag går som regel ut på at eg sit på plassen min og teiknar medan eg høyrer på musikk. Når ein har ein deadline eller mykje å gjere så må ein jobbe meir intensivt, då jobbar eg seine kveldar og også helgar.

Her er Martin Ernstsen i gang med silketrykk under masterstudiene. Foto: Privat

– Førebudde utdanninga deg på yrket?

Det var veldig nyttig å studere på kunstskule, men det er vanskeleg å førebu nokon på yrket for det kan vere så mangt.

Alt av digitale verktøy lærte eg meg sjølv. Vi hadde veldig lite kurs i det på skulen, men på skulen lærte eg meir tradisjonelle ting som trykketeknikk (silketrykk, litografi etc), og vi hadde ein del akt-teikning og vi jobba mykje i skissebøkene våre. Det var også mykje konseptuelt, og noko teori.

Kunstskule handlar om å eksperimentere, og finne ut av kva ein vil drive med. Det var på kunstskule i England at eg først høyrde om undergrunnsteikneseriar. Ein lærar fortalde oss om Robert Crumb, og det har hatt mykje å seie for meg. Elles lærte eg ein del tradisjonelle teknikkar på vidaregåande då eg gjekk teikning/form/farge på Sørumsand VGS.

– Kva er det beste med jobben?

Å styre si eiga tid, og å kunne sitte og teikne heile dagen og fantasere.

Eit utdrag frå Knut Hamsuns «Sult» i teikneserieformat. Illustrasjon: Martin Ernstsen

Les også: Jenny Jordahl angrar ikkje eit sekund på at ho vart teikneserieskapar, sjølv om det var trangt økonomisk ei stund.

– Kva er det mest utfordrande?

Å takle dei økonomiske utfordringane. Ein har som regel inga fast inntekt, og inga fast tilsetjing. Det er nok ein stor fordel å ha anlegg for å vere sparsam med pengar, om ein har tenkt å verte teikneserieskapar.

– Kven passar yrket for?

Skal ein verte teikneserieskapar så må ein verkeleg brenne for det, ein må ha ein drive som ikkje er avhengig av pengar eller anerkjenning. Men dei fleste teikneserieskaparane jobbar også som illustratørar eller designarar (eller andre ting), for å få det til å gå rundt.

Illustratør Martin Ernstsen sine silketrykk frå då han studerte storytelling på Konstfack i Stockholm. Foto: Privat

– Har du tips til ungdom som siktar mot denne jobben?

Ein lærer mykje av å gå på kunstskule anten ein endar opp med å jobbe med det eller ikkje. Det er ei utfordrande og spennande tid – og så får ein sjå kor det tek ein.

Det er vanskeleg å anbefale teikneseriar som yrkesval, det er ikkje mykje sikkerheit og veldig ustabil inntekt. Om ein vil satse på dette så bør ein satse skikkeleg, men samstundes belage seg på å måtte jobbe med andre ting ved sidan av.

Det er ikkje lett, men det går an.

– Kva er det mest utrulege som har hendt deg på jobb?

Det skjer veldig lite utrulege ting på jobb. Eg må oppleve alle dei utrulege tinga på fritida, eller eventuelt inne i mitt eige hovud medan eg sit og teiknar.

Les også om skaparen av Framtida.no si faste teikneseriespalte L-innsikt: – Ingenting eg seier kan endre verda, men eg kan bidra, seier Linn Isabel Eielsen (18).

Teikneserien til Linn Isabel Eielsen, L-innsikt, vert fast inventar på Framtida.no, med ei ny stripe kvar onsdag. Striper frå L-innsikt. Foto: Privat

Martin Ernstsen

Alder: 36 år

Frå: Kjeller

Yrke: Teikneserieskapar og illustratør

Utdanning: Mastergrad i Storytelling (grafisk design og illustrasjon) frå Konstfack i Stockholm