Kina og India kivast om flest byar på verstingliste

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tysdag la det kinesiske selskapet AirVisual og Greenpeace fram ein rapport som kartla luftkvaliteten i 3000 byar rundt om i verda i 2018.

Ifølgje The Guardian hadde 64 prosent av byane høgare konsentrasjon av svevestøv enn anbefalingane til Verdas helseorganisasjon (WHO).

Usynleg helsefare

Denne typen svevestøv – i kategorien PM2.5 – kan vere helsefarleg, særleg for born, eldre, gravide, personar med hjarte- og karlidingar og personar med luftvegssjukdomar.

Ifølgje Verdas helseorganisasjon døyr 7 millionar menneske kvart år som følgje av helseskadar knytt til luftforureining.

– I tillegg til menneskeliva som går tapt, så er det estimert ein global kostnad på 225 millionar dollar i tapt arbeidskraft, og billionar i medisinske utgifter. Dette har ein enorm innverknad, på helsa vår og på lommebøkene våre, seier direktør i Greenpeace Søraust-Asia, Yeb Sano i ei pressemelding.

Les også: Åtte ting du må vite om luftforureining

India og Kina i tet

For nokre land er resultata meir dystre enn for andre. 25 av verdas 50 mest forureina byar ligg i India, inkludert førsteplassen. Byen Gurugram i India får den tvilsame æra av å vere den byen i verda med høgast luftforureining.

Kina markerer seg også på lista over byar med dårlegast luft. Landet som vert rangert som det 12. mest forureina i verda, har heile 22 toppnoteringar på lista over dei 50 byane med dårlegast luftkvalitet. Dette har også ført til at mange kinesarar vel å flytte frå landet, såkalla «smog migrasjon».

Luftkvaliteten i Noreg

Ingen norske byar er å skimte på topp 50-lista, men i rangeringa av land hamnar Noreg på 68. plass, før våre nordiske naboar.

Av dei norske tettstadane er det Lysaker, Bærum og Sarpsborg som tronar øverst og som har mest luftforureining, men også desse vert rekna for å ha god luftkvalitet. Lysaker er den einaste som per no ligg litt over målet sett av Verdas helseorganisasjon.

Ved hjelp av den nylanserte nettressursen Luftkvalitet i Noreg kan du sjekke kor mykje svevestøv og forureining det er i lufta kor enn du er i landet.

Les også: Ni av ti pustar inn skitten luft: Luftforureining fører til 400.000 for tidlege dødsfall kvart år i Europa