Kjære politikarar: vi er einige med dykk! Helsing skulestreikar

Selma Baalerud
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette innlegget vart først publisert hos Aftenposten, og er omsett til nynorsk med løyve frå forfattaren. 

Det er kanskje litt radikalt å sei dette, men eg synest det virkar som om ei stor kommunikasjonsfeil er grunnen til at vi fekk skulestreiken.

Dei norske barna og ungdomane som skulestreikar, meg sjølv inkludert, har sett veldig konkrete krav til regjeringa, som går ut på pengestøtte, utsleppskutt og stans av tillatingar til oljeleiting.

Men vi er jo ikkje klimaforskarar. Vi kan umogleg vite at desse krava er nøyaktig det som trengst for å redde verda.

Men vi er jo ikkje klimaforskarar. Vi kan umogleg vite at desse krava er nøyaktig det som trengst for å redde verda.

Nei, vi er ikkje klimaforskarar. Men det er ikkje de politikarar hell, og det er éin liten ting eg lurar på: Den politiske debatten om kva vi skal gjere for å hindre global oppvarming og klimaendringar, føregår for tida i stor grad mellom politikarar og skulebarn.

De politikarar er kanskje utdanna innanfor jus eller økonomi, medan vi fortsatt puggar glosar og algebra. Generelt sett har ingen av oss peiling på klima. Så, for å spørje rett ut: Kor er alle ekspertane? Kva har dei å sei? Burde ikkje dei kunne gi eit litt meir relevant perspektiv på temaet?

Ignorerer de oss?

Vi som streikar, er sinte. Fordi vi ikkje får nokon respons. Når de politikarar stiller dykk passive til ropa frå tusenvis av menneske, uten å fortelle oss konkret og tydeleg kva de tenkjer om utsegna, håpa og redslene våre, virkar det som om de ignorerer oss.

Sidan de ikkje har sagt tydeleg nok kva som skal gjerast, trekk vi automatisk den konklusjonen at de ikkje har tenkt å gjere noko.

Sidan de ikkje har sagt tydeleg nok kva som skal gjerast, trekk vi automatisk den konklusjonen at de ikkje har tenkt å gjere noko.

Det virkar som de har tenkt til å la verda forfalle.

Så det vi ynskjer av dykk, er eit tydeleg svar.

Så det vi ynskjer av dykk, er eit tydeleg svar. Ein plan for korleis vi skal sikre at vi, våre barn, våre barnebarn og alle som kjem etter oss, skal kunne leve og ha det bra. Vi vil ha ein garanti for at vi skal sleppe å sitje på pleiehjem og sjå at jorda sakte, men sikkert går under.

Gi oss eit svar

Så, i staden for å sei at vi er flinke som er unge og engasjerte, i staden for å gi oss lange preikenar om kor gode Noreg er på el-bilar eller sei at vi ikkje har noko å sei i saka dersom vi har vore på Sydenferie dei siste par årene: gi oss eit svar.

i staden for å sei at vi er flinke som er unge og engasjerte, gi oss eit svar

Dei konkrete krava frå streiken er berre vår føreslåtte metode for å stanse klimaendringane. Om de finn ein snarveg, ein annan, betre måte å få til dette på, er vi meir enn fornøyde.

Korleis vi kjem oss dit, betyr ikkje så mye, bare vi endar der vi vil vere.

Så når alt kjem til alt, har vi akkurat samme mål – vi er einige om at vi ikkje skal la verda øydeleggast. Det er utenkeleg. Så kjære politikarar, fortell oss på ein tydeleg måte korleis de skal oppnå det, og gjer det. Då er vi fornøgde. Og på førehand: tusen takk.