«Stopp raseringa av vår felles velferd!»
– Høgresida sine kutt er usolidariske, kutta rammar dei som treng det mest, skriv Hlin-Såga Brosvik Kyrkjeøy.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Etter valet i fjor gjekk eit blått spøkjelse gjennom Noreg, høgresida sitt spøkjelse. Dette har sjølvsagt medført at høgresida har fått makta i mange store kommunar, ogso i min heimkommune Bergen.
No nærmar me oss den tida av året då det er tid for å forhandle og behandle budsjett. For mange kommunar betyr det at ein skal finne ut kor ein skal kutte. Den historisk dårlege kommuneøkonomien har lenge vore debatt og har komme til uttrykk i blant anna debattane om Oslo Nye eller skulenedlegginga i Innlandet.
Kutta vert bortforklart med at det er dyrtid, krigen i Ukraina, auka kostnadar osv. Skulebyråden i Bergen uttalte seg i Bergen bystyre og sa at dei ikkje hadde noko anna val enn å kutte, men er ikkje politikk akkurat det, å prioritere? Høgresida prioriterer å kutte i eigedomsskatt, og for å dekkje inn at dei mistar ei av sine hovudinntekter, må ein kutte i utgifter. Alle skjønnar at om du har mindre pengar på bok kan ein ikkje bruke like mykje pengar, i så fall er det ein kort veg inn på ROBEK-lista. Dessverre er det mykje enklare å kutte i velferd enn å byggje den opp igjen.
Dessverre er det mykje enklare å kutte i velferd enn å byggje den opp igjen
Høgresida sine kutt er usolidariske, kutta rammar dei som treng det mest. I budsjettet for Bergen kommune som blei vedteke i fjor, valde ein å kutte i naudsoveplassar for heimlause, samstundes som ein ogso kutta dramatisk i eigedomsskatten. Ein gjer det altså lettare for dei som eig ein bustad å få fleire, medan dei som står utanfor får det langt vanskelegare.
Med høgresida sine budsjett vert kulturlivet fattigare, tannhelse for unge vert dyrare, sjukeheim vert privatisert, legevakter vert lagt ned, skular vert lagt ned, avgiftene aukar, sosialsatsane vert redusert, helsestasjonar vert avvikla og sånn kan eg fortsette.
Høgresida tilpassar Kommune-Noreg etter dei som har mest
Eg er stolt over alt som SV får til saman med regjeringa. Ein har begynt å byggje opp ei ny velferdsreform, ein har fått til gratis SFO, gratis kjernetid i barnehage og meir til dei som har minst. Men alt dette er berre ein drope i havet når høgresida tilpassar Kommune-Noreg etter dei som har mest.
Me er alle godt kjende med at min generasjon vil vere den fyrste generasjonen som får det verre enn våre foreldre. Då skulle eg ynskje at høgresida tok det på alvor og ikkje bygde ned vår felles velferd. Det er klart min generasjon vil få det verre når ein byggjer opp eit samfunn for dei aller rikaste, og ikkje eit som er tufta på fellesskap. Stopp raseringa av vår felles velferd!