«Ja til skulegudstenestetilbodet!»
Skulen er ikkje, og skal ikkje vera, ei kulturell nøytral sone. Han skal gi elevane ei forståing for samfunnet dei er ein del av, ikkje skjerma dei frå det, skriv Kitty Theobald Gjerland.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Maja Solerød i Humanistisk Ungdom meiner skulegudstenester skaper utanforskap og krenkjer religionsfridommen. Men skulegudstenester er frivillige, opne for alle og ein del av den felles kulturarven vår. Dei er ikkje eit krav, men eit tilbod. Kvifor skal me då fjerne ein tradisjon som mange set pris på?
Det er umogleg å forstå Noreg utan å forstå innverknaden frå kristendommen. Språket vårt, lovverket, høgtidene me feirar – alt ber preg av denne arven. Å tilby skulegudstenester handlar dermed ikkje om forkynning, men om å gi elevar innsikt i ein tradisjon som har vore ein sentral del av norsk historie og kultur.
Å fjerna dei vil ikkje gjera skulen meir inkluderande, men snarare viske ut ein del av den felles historia vår.
Elevar blir ikkje tvinga til å delta, men kvifor skal me lata som om kristendommen ikkje har forma samfunnet vårt?
Solerød hevdar at skulegudstenester set elevar i ein vanskeleg situasjon. Endå igjen er skulegudstenester frivillige, og det finst alltid alternative opplegg for dei som ønskjer det. Inkludering betyr heller ikkje at me må fjerne alt nokon ikkje deltek på. Me avskaffar ikkje skuleballet fordi nokon vel å bli heime. Me fjernar ikkje leirskuletilbodet fordi ikkje alle er komfortable med å reisa heimanfrå.
På same måte er skulegudstenester eit tilbod, ikkje eit pålegg.
Skulen er ikkje, og skal ikkje vera, ei kulturell nøytral sone. Han skal gi elevane ei forståing for samfunnet dei er ein del av, ikkje skjerma dei frå det. Skulegudstenester er ein del av dette. Ingen blir kristne av å høyra eit kor syngja «Fager er jordi», men dei får ei oppleving av ein seremoni som har prega norsk kultur i hundreår.
Skulegudstenester er ikkje tvang. Dei er ikkje forkynning. Dei er heller ei anerkjenning av historia som har forma landet vårt. Derfor bør det valfrie tilbodet få bestå.