Den moderne fabrikkarbeidaren

Julie Steensæth (25) tok ei ingeniørutdanning retta mot oljebransjen. No jobbar ho på ein batterifabrikk som skal elektrifisera skipsfarten.

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Målet med batteria er å gjera olja mest mogleg overflødig. I batterifabrikken på Midtun i Bergen har også dei tradisjonelle fabrikkarbeidarane vorte overflødige. Det er ikkje lenger behov for dei ufaglærte arbeidarane med repeterande oppgåver ved samlebandet og fare for slitasjeskader. Ved moderne fabrikkar er det større fare for musearm.

Veks raskt

Torsdag 5. september opna Corvus Energy den heilautomatiske batterifabrikken i lokalet som ein gong var vinmonopolets hovudlager. Her er det no 13 robotar som kan setja saman eit nytt batteri kvart sjette minutt. Batteria skal forsyna hybrid- og el-skip med straum. Corvus Energy, som hittil har produsert batteria i Canada, er på få år blitt verdsleiande på batteri til skip.

Sjølv heilautomatiske fabrikkar treng folk. På «golvet» er det to tilsette som følgjer med på at alt går som det skal. I etasjen over sit førebels 46 tilsette. Staben har vakse raskt, og vil truleg veksa vidare.

– Då eg begynte her i fjor haust, var det ein til to nye kvar veke, seier marknads- og kommunikasjonssjef Sonja Vernøy Hansen.

Mellom dei var 25 år gamle Julie Steensæth. Ho hadde utdanna seg til maskiningeniør retta mot olje og undervassteknologi. Innan olja var det ikkje lett å få jobb då ho var nyutdanna. At ho i staden enda med å jobba med batteriteknologi, ser ho på som ein stor pluss.

Julie Steensæth og Sonja Vernøy Hansen har jobba i Corvus Energy sidan i fjor haust. Denne veka var dei med å opna den heilautomatiske batterifabrikken til selskapet på Midtun i Bergen.

Yrkesliv i stadig endring

«Endringskompetanse». Merk deg uttrykket. HR-sjef Karianne Maltun hjå Corvus Energy ser spesielt etter folk med endringskompetanse når ho skal tilsetja.

For medan robotar og kunstig intelligens erstattar mange av dei rutineprega jobbane som krev låg utdanning, skaper dei desto fleire arbeidsplassar for dei med høgare utdanning. Og har du først ei ingeniørutdanning, kan du vera attraktiv i fleire bransjar.

Julie Stensæth og mange andre med utdanning retta mot oljebransjen har fått erfara at dei også kan få spennande jobbar i andre bransjar. Då må dei vera villige til å omstilla seg.

– Mange unge er gode på dette. I dag går utviklinga så fort at eit masterløp ikkje er det same når du sluttar som då du begynte, seier Maltun.

HR-sjef Karianne Maltun hjå Corvus Energy ser spesielt etter folk som er villige til å omstilla seg når ho skal tilsetja.

Tilrår utdanning innan elektro

Julie Steensæth jobbar med teknisk sal. Oppgåva er å berekna kva batteripakke kundane har bruk for og laga teikningar og tekniske spesifikasjonar.

– Det meste har eg lært etter at eg byrja å jobba her. Dette er så nytt at det finst inga utdanning innan dette, seier ho.

Då ho valde utdanning, visste ho uansett ikkje kva slags jobb ho kunne venta seg.

– Det var faga som trekte meg. Eg likte at det var to strekar under svara, seier ho.

Ho kunne gjerne tenkt seg meir enn den eine månaden ho hadde med praksis under utdanninga.

LES ALT OM YRKESVAL HER!

Karianne Maltun rår unge som vil ha jobb i bedrifter som Corvus til å velja utdanning innan realfag og elektro. I tillegg ser ho at den aukande grada av digitalisering gjer at det vert eit stort behov for tilsette med digital kompetanse.

– På grunn av at alt endrar seg i høgare tempo enn før, må både utdanningsinstitusjonar og politikarar i større grad leggja til rette for utdanningar som er relevante for næringslivet seier ho.

Karl Jesper Becker (18) (t.v.) og Steinar Holmberg Vikane (18) byrja på elektrolinja før dei gjekk vidare på automasjon. Foto: Svein Olav B. Langåker

Fakta: Robotane kjem

  • Ein studie gjort for OECD i fjor anslo at seks prosent av jobbane i Noreg truleg vil automatiserast bort. Langt fleire jobbar vil bli vesentleg endra på grunn av ny teknologi. Det vil også koma nye jobbar.
  • Verdas økonomiske forum har anslått at robotar og kunstig intelligens vil skapa 58 millionar fleire arbeidsplassar enn dei fjernar.
  • Det er spesielt arbeidstakarar med låg utdanning som risikerer å bli erstatta av robotar.