Bill Gates: – Skattlegg robotar!

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Når robotar overtar fleire og fleire jobbar, bør robotane skattleggjast for å skaffa pengar til omskulering av dei som mistar jobben. Det meiner Bill Gates.

– I ei tid då folk seier at framveksten av robotar er eit nettotap fordi dei erstattar arbeidsplassar, bør ein vera villig til å heva skattenivået og til og med senka farten på automatiseringa for å finna ut kva me skal gjera, seier Microsoft-sjefen i eit intervju med magasinet Quartz.

Bør skattleggast som menneske
Gates ser føre seg at fleire og fleire jobbar innan alt frå transport til vasking og lagerarbeid kjem til å bli automatiserte i nær framtid. Når det skjer, meiner han at verdiskapinga frå robotane som overtar jobbane bør skattleggjast tilsvarande som arbeidskrafta dei erstattar.

– Viss eit menneske arbeider til ein verdi av 50 000 dollar i ein fabrikk, blir den inntekta skattlagt, og du får inntektsskatt, trygdeavgift og så vidare. Viss ein robot kjem inn og gjer det same, skulle ein tru at me ville ha skattlagt roboten på eit liknande nivå, seier Gates i intervjuet.

LES OGSÅ: Nye robotar frå Sogndal vil ta over grovarbeidet i byggebransjen

Utan ein robotskatt som kan bremsa farten på automatiseringa og finansiera omskulering av dei som mistar jobben, er han redd for at folk vil venda seg mot heile den teknologiske utviklinga.

– Må tenkja nytt
– Dagens offentlege inntekter baserer seg mykje på å skattleggja arbeid. Når arbeidsplassane blir fjerna av robotar, er det naturleg å erstatta skatteinntektene frå arbeid med skatt på robotar og annen «arbeidsfri» produksjon, seier Rasmus Hansson, stortingsrepresentant for Miljøpartiet Dei Grøne til Dagsavisen.

Nei til robotskatt i EU
Ikkje alle er samde med Gates og Miljøpartiet Dei Grøne i at det er ein god idé å skattleggja robotane hardare. Europaparlamentet vedtok tidlegare i år at dei ønskjer ei ny robotlov som skal gjelda i heile EU, men sa nei til eit forslag om robotskatt, skriv Reuters.

LES OGSÅ: EU vurderer å definere robotar som personar

Det gleda bransjeorganisasjonen International Federation of Robotics (IFR).

– IFR meiner at det å innføra ein robotskatt ville hatt  ein veldig negativ verknad på konkurransekrafta og sysselsettinga, seier dei ifølgje Reuters.


Knut Henriksen (27) fryktar ikkje at maskinane skal ta jobben hans ved TINE Lagerdrift i Oslo. Foto: Åsmund H. Eikenes

LES SAKA: Han styrer robotane som handterer mjølka di

Meir produktivitet er bra for alle
Det liberale tidsskriftet The Economist er samde, og argumenterer mot forslaget frå Gates i sitt siste nummer.

– Enkelte arbeidarar kan ta skade ved at dei blir erstatta av robotane, men sett under eitt kan arbeidarane få det betre fordi prisane fell, seier tidsskriftet.

Dei meiner at robotar aukar produktiviteten, noko som kjem forbrukarane til gode. Det å stogga automatiseringa innan til dømes helsevesenet av omsyn til helsearbeidarane kan bety ei høgare sjukehusrekning for alle andre, argumenterer The Economist.

LES OGSÅ: Parkour, flyging og piruettar – sjekk kva dei nyaste robotane kan gjera