Solberg blir kritisert for blast klimaløfte
Høgre-leiar Erna Solberg går til val med krav om klimaplanar i alle Høgre-styrte kommunar. For svakt, meiner både ZERO og SV.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Jenny Skagestad, rådgjevar i ZERO, er ikkje imponert over løfte frå statsminister Solberg. Foto: Caroline Dokken Wendelborg/ ZERO
– Statsministeren bør be alle kommunar om å lage ein klimaplan, ikkje berre Høgre-kommunane, slik at Noreg når måla sine i Parisavtalen om å halvere utsleppa sine innan 2030, seier rådgivar Jenny Skagestad i miljøstiftelsen ZERO til NTB.
Solberg presenterte tysdag ein pakke på åtte valløfte, blant dei at det skal innførast eigne klimaplanar i kommunar der Høgre har styringa, med konkrete mål, prioriterte tiltak og tidsrammer for kutting av utslepp.
– Kommunane bør ha ein ambisjon om lågutslepp og nullutslepp i framtida. Mange har ikkje ein slik plan, seier statsministeren til NTB.
– Slår inn opne dører
Skagestad meiner dette er å slå inn opne dører.
– I ti år, sidan 2009, har det vore stilt krav til kommunane om å ha klimaplanar, peikar ho på.
Ei oversikt frå Miljødirektoratet tidlegare i år viser likevel at mange kommunar har utdaterte klimaplanar, medan gjennomføringa av vedtatte klimatiltak er mangelfull.
Skagestad viser òg til Sverige, som har satsa stort på kommunale klimatiltak med statlege støtteordningar i 20 år.
– Vi må lære av svenskane. Svenske kommunar har bidratt betydeleg til at Sverige har kutta 26 prosent av utsleppa sidan 1990, medan utsleppa til Noreg har auka med 3 prosent i same periode, seier Skagestad.
– Utan substans
Også SV-leiar Audun Lysbakken meiner valløftet frå Solberg er for blast. I Stortinget har SV foreslått at alle kommunar må ha eit klimabudsjett, med ein klar tidsplan for utsleppskutt og ei liste med tiltak og verkemiddel.
– Utan dette blir dette berre fleire festtalar utan substans frå ei klimafiendtleg regjering. Mange kommunar har òg allereie ein energi- og klimaplan, så Erna Solberg sparkar inn nokre opne dører her, seier Lysbakken.
- Les også intervjuet med SV-leiaren: – Viss klimaet hadde vore ein bank, så hadde det vore redda for lengst. No er det på tide at me innser at me er i ein naudsituasjon.