SV-leiaren: – På tide at me innser at me er i ein naudsituasjon

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Politikarane må visa at dei tar klimakrisa på alvor. Det gjer ikkje regjeringa og storingsfleirtalet i dag, seier SV-leiar Audun Lysbakken.

Han meiner at ved å erklæra ein nasjonal naudsitasjon, så kan ein ta i bruk sterkare verkemiddel enn det blir gjort i dag.

SV-leiaren samanliknar situasjonen med alle tiltaka som blir sett i verk ved ei finanskrise. Då mobiliserer mobiliserer staten alle ressursar og store pengebeløp for å stoppa finanskrisa.

– Viss klimaet hadde vore ein bank, så hadde det vore redda for lengst, seier Lysbakken til Framtida.no, og legg til:

– No er det på tide at me innser at me er i ein naudsituasjon.

Frå jordskredet i Jølster 30. juli. Foto: Jan Helge (SVV) – regObs.no

Vestlandet hardast ramma

Sist veke gjekk det fleire jordras i Jølster etter intense regnbyger. Ein mann i 50-åra er sakna og truleg omkommen.

Ifølgje Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) trengst det nærare fire milliardar til flom- og rassikring rundt om i landet, melde VG i går.

SV-leiaren meiner staten må stilla opp med fleire midlar til rassikring.

– Regjeringa bruker hemningslaust mykje pengar på firefelts motorvegar, mens det blir brukt for lite pengar på å laga trygge kvardagsvegar på Vestlandet.

Klimaforskarar meiner Vestlandet vil bli mest utsett for konsekvensane av klimaendringar i Noreg. Meir ekstremnedbør vil auka flaum- og rasfaren i vest.

Heiar på nullutslepp frå snøggbåtar

Lysbakken meiner økonomien til fylkeskommunane må styrkast kraftig slik at dei har råd til å ta klimaløft. Dei som tar modige klimaval må belønnast, som Hordaland som har bestilt mange grøne ferjer.

– I dette valet er det viktig å velja fylkespolitikarar som også er villige kan stilla tøffe krav til snøggbåtane, slik at me kan kutta utsleppa frå desse. Teknologien for utsleppsfrie snøggbåtar er under full utvikling, og det er realistisk at me kan få snøggbåtar med nullutslepp. Og det vil kutta store utslepp, gi betre reiser og i tillegg vi det gi fantastiske mulegheiter for norsk industri, fordi me vil vera først ute med teknologi som verda treng.

LES OGSÅ: Vêrvarsel for dei neste 80 åra: Meir ekstremnedbør

SV-leiar Audun Lysbakken møtte Salman Chaudhry, Inger Christin Hystad Barane og Johanne Malene Ekeland Valvatne i Stord SU på Stord. Foto: Svein Olav B. Langåker

Ønskjer grøn samfunnsplan

Framtida.no treff Audun Lysbakken på vestlandsturné, rett etter at han hadde besøkt den grøne næringsklynga NCE Maritime CleanTech på Stord i Sunnhordland.

Lysbakken meiner det er bruk for ein stor samfunnsplan for grøn og rettferdig omstilling av samfunnet.

– Staten må støtta opp under grøn næringsutvikling, og sørgja for at alle dei som i dag er avhengig av oljen, har arbeid også i framtida.

Les også «Ung politikar»-spalta med Elise Stokken (18) frå Ørsta Arbeidarparti: – Som ein kommune rik på natur og med høge fjell ligg mykje av klimaproblematikken i at ein får eit hardare vêr 

Elise Stokken (18) er Ørtsa Arbeidarparti sin 3. kandidat til kommunevalet 9. september. Foto: Privat