Ny språklov: – Vil styrka språkmangfaldet

Regjeringa føreslår å gi meir makt til Språkrådet og samlar mykje av språkpolitikken i éi lov. Kulturministeren helsar velkommen ein debatt om sanksjonar for brot på Språklova.

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I dag klokka 12 sende regjeringa eit nytt forslag til språklov ut på høyring.

– Eg er glad for at lovframlegget slår fast at den norske staten er fleirspråkleg i dag, og bør vere det i framtida. Eg er òg glad for at norsk teiknspråk for første gong får formell status, og at dei samiske språka får status som nasjonale urspråk, seier kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande (V) på telefon til Framtida.no.

I tillegg slår lovforslaget fast at kvensk, romani og romanes er nasjonale minoritetsspråk.

Fylkeskommunane kan få nye plikter

Regjeringa føreslår at fylkeskommunane kan få dei same pliktene som statsorgan har i dag til å svara på skriv frå kommunar og privatpersonar på det språket som er brukt av innsendaren. Eventuelt kan fylkeskommunane få halda fram som i dag.

– Me har ikkje prioritert mellom dei ulike alternativa, men ønskjer oss argument om fylkeskommunane skal ha same makta og ansvaret for språket som statsorgan, eller om ein held fram som før med same status som kommunar, seier Trine Skei Grande.

Lovar fleire tiltak

Regjeringa føreslår å supplera «mållovsreglane» med verkemiddel som skal styrka mindretalsspråket, nynorsk, i den nye språklova.

I tillegg til reglane i den nye språklova, jobbar regjeringa med ei språkmelding skal vera klar våren 2020. Her vil regjeringa sjå på innsatsområde som vil vera viktige for å sikra at norsk språk står sterkt på alle samfunnsområde også i framtida.

Regjeringa vil òg sjå på tiltak for å styrka nasjonale minoritetsspråk, norsk teiknspråk og samisk.

QUIZ: Kor mykje samisk kan du?

Åtvarar

Trine Skei Grande håpar den nye språklova vil få auka status.

– Norsk språk treng ei ny språklov. Eg trur ikkje norsk språk kjem til å døy ut, men me har nokre utfordringar, seier ho, og uttrykkjer bekymring for nedgang i bruken av norsk i høgare utdanning.

– Blir norsk berre eit kjøkenspråk, så mistar det status – og språk utan status blir truga, åtvarar kulturministeren.

Samstundes er ho glad for å sjå at fleire er stolte over språket sitt.

LES OGSÅ: Krev språklov med respekt for språkmangfaldet

Det nyaste universitetet i Oslo kan bli nødt til å følgja norske rettskrivingsreglar. Foto: Helge Høifødt [CC BY-SA 4.0]

Meir makt til Språkrådet

Trass klare åtvaringar frå Språkrådet har ei rekke statlege etatar og selskap skifta til kontroversielle namn som både bryt tradisjonar og rettskrivingsreglar. Direktøren i Språkrådet har refsa dei statlege namneprosessane.

– Namn som Bane NOR SF, OsloMet og Norec skrik i øyra mine, sa direktør Åse Wetås i fjor.

Departementet føreslår no at det blir stilt krav til at statsorgan har namn på norsk som følgjer offisiell rettskriving.

– Gjennom dette lovforslaget føreslår me å gi Språkrådet meir makt, og ein sterkare posisjon enn i dag for å fremja norsk rettskriving og språk, seier kultur- og likestillingsministeren.

– Betyr dette at OsloMet no må skriva Oslomet med liten m?

– På generelt grunnlag vil det bety at alle statlege organ må bruka offisiell norsk rettskriving, svarar statsråd Trine Skei Grande.

Ønskjer debatt om sanksjonsmiddel

Noregs Mållag har i fleire år etterlyst sanksjonar for brot på dagens mållov. Regjeringa kjem ikkje med forslag om å innføra sanksjonar for brot på språklova, men kultur- og likestillingsministeren helsar velkommen innspel i høyringsrunden no i haust.

– Eg håpar på ein debatt om dette, seier Trine Skei Grande (V) på telefon til Framtida.no.

LES OGSÅ: Vigdís Finnbogadóttir: – Språket er slottet vårt!

Vigdís Finnbogadóttir var verdas første kvinnelege president. No jobbar islendingen for å ta vare på dei små språka våre. Foto: Geir Ólafsson

Nokre hovudpunkt i forslaget til ny språklov:

  • Lova slår fast statusen til samiske språk som «urfolksspråk».
  • Statusen til kvensk, romani og romanes blir lovfesta som «nasjonale minoritetsspråk».
  • Norsk teiknspråk får ein formalisert status som «nasjonalt teiknspråk».
  • Det offentlege får med det eit ansvar for å verne og fremje alle språka.
  • Regjeringa vil stilla krav til at det offentlege skal bruka eit klart, mottakarretta og korrekt språk i kontakt med innbyggarane.
  • Departementet føreslår også det blir stilt krav til at statsorgan har namn på norsk som følgjer offisiell rettskriving.